Skog utan tre
mot nord hardnar landet
det møter og trassar auga
sandstein, gneis, kvartsitt
vindskurt og tomt
ei øydemark av vid himmel
berg og vatn, eit grise dekke
av purpurfarga heigras, bjønnskjegg
den lyselskande dvergbraken
berg fossar eller står
tærde av lyset
i ei urørleg strøyming
påståeleg og fjern
bjørk, fure og rogn
søkjer i hop i juv
ein steinskvett slepper
tonen blant steinane
avstandane er einsame
stilla overhangande
med eitt einsam
dei grove grensene er audslege
du vrir deg unna det
men kvar regndrope
på ansiktet eller armen
er ei tilbakevending
vinden kjemmer lyngen
set ein egg på steinen
du plaskar gjennom smeltevatn
så myrulla ristar
slik at du ikkje berre
ser men føler
koss vinden skubbar mot deg
brå stiller blir fylte
busetnaden er på randa
av dette tome
å overleva er å godta
kjærteikna til vinden
dei grovpussa stovene
ligg vende mot stranda
mild ange av sauegnagd grasvor
kjem på døra
rusta bilar og maskinar
rimar på steinmose på knausar
strøydd omkring i augneblinken
i ein os av torvrøyk
kvikk tale etter vintermørkret
er ikkje meir velkommen
enn vinden som løyer
når du er tilbake i din eigen skapnad
tida tel ikkje lenger
smørblom og prestekrage
sverdlilje, revebjølle, kløver
gjer lukta frå havet søtare
selen i det kalde vatnet
stig opp til klarleik
eller nyfikne, ein slikk
av sølvkvitt, ein slikk av grått
fjell-lina og kystlina
ber melodien
kjæsegras og blåfjør
bed deg inn for å venta litt
ei tjørn i ei mørk kløft
einsam piping frå ei strandsnipe
dei gir sine avstandar
over i di varetekt
To sonettar
gå min nye song set deg
på den øvste greina
la rekkja av buskar lyda høgt
syng ut tonane i rekkja
kvar med sin fulle bunad
av doggbløytt stille
vend deg til lufta
til dei ljomande romma
flett deg inn mellom
dei grøne åsane og himmelen
mellom det våte og turre
gå og ver så punktleg som
stunda lar deg ver ikkje
for varsam men ta deg i vare
kronhjorten kjem endeleg heim
til den spraglete rudninga
beitar på dei små grastustane
mens fløyelsmulen hans fråtsar
slå vindauga i kontoret på vidt gap
la lufta spela omkring diktet
den skumre glenna i hjarta
blir gjennombora av ein solstråle
kronhjorten finn dovne bekker
ei bie summar kring vokalane
skrubbar mot konsonantane
og ei utveksling skjer
dyr stiltrar seg ut av skogen
der me har rydda rom
/
(Frå I den klare lufta, Nordsjøforlaget 2007. Gjendiktet av Per Olav Kaldestad.)
Leave a Reply