hysj gode mann, hysj,

for tanken er oppslukt av seg sjølv

som ei Bille krafsande mot glaset,

kravlande rundt i ditt sinn    

for det ligg i din natur å seia natur og

det er sant

at du ikkje kan orientera deg, du vil trenga

fleire auge, det er sant

at eg ikkje kan orientera meg

eg vil trenga fleire øyre, høyre skimmia skimmia,

honningurt tåre,

humle løvemunn, høyre slik, slik snakkar dei

om natur

 

for sett frå himmelen mann

er det ikkje orda sin skog, det er

borken sin skog, det er

barnet sin skog, for skogen

er oppriktig, her står ein flammande blom

der heng ein flimrande foss    

her veks eit vinkande tre

der går barnet ditt

 

der går barnet ditt, i alfabetisk

skog samanhengande

agnbøk alm aralia bambus

beinved er venge er sakalin

perleberberis vorteberberis

baobab bergflette ville skog ville buksbom

ååh baobab baobab, å blodbøk åh skog

lommetørkle- og due-tre

samanhengande er gyvel blodhassel

er baobabtreet olivenlunden varme

mosebotn kalde

myr, for sett frå himmelen

er det ikkje orda sin skog, hei mann! har du

lagt frå deg barnet ditt her, det er ikkje silvevet

vedvevet hårrøyrsrøtene, hei mann!

har du gløymt barnet ditt her ?

 

for skogen er rytmisk, er ikkje

sikker, er ikkje usikker, opnar seg for

eit lam for ei løve, i denne rytmen opnar skogen

seg, for ei vidde opnar tanken seg, usikker som barn for

flammande blom, sikker som stumheita

for vinkande tre opnar skogen seg, og trea

har same mål som oss;

brenna seg svi seg

dra gud ned på oss

for her i skogen

ligg eit anna lys

over stiane

mahonia

magnolia

mispel

er opplyst

trur du meg ikkje

når eg seier det

mjølbær morbær

marikåpe opplyst

har du gløymt ditt barn i skogen

i mure i or i perikum i pieris

i trollhassel tindved tysbast i pil

ha øyre å høyra med, høyr denne

pludring denne latter

ha auge å sjå med

kor la du frå deg

ditt barn

 

for andsynes skog skal

du vera som eit barn

seier eg til mitt barn

mitt hjarte er eit barn, mi

nyre er eit barn min fot

er eit barn min tanke

er eit barn

i den eirgrøne mose  

kviskrande knapt så du høyrer det   

slik er eg ditt barn

når bregnene skil seg bøyer seg, ser du klårt

ei hand vinkar, bispestaven bukkar, krøllar seg til

snigel, graset skjerpar seg til iris

liljene på marka står

 

/

Solveig Mette Tjeltveit er født i 1969 og bor i Bergen. Hun er utdannet gartner. I tillegg har hun litteratur-, skrivekunst-, kunsthistorie- og psykologistudium bak seg. Hun debuterte i 2015 med diktboka Noo gode gnu. Vi takker for dette nyskrevne diktet, og dikterens forlag, Samlaget, som bidrar med honorarstøtte!