Eg sit og skriv på ein kafé. Rundt meg sit alle og ser på mobilen sin. Utanom to unge damer, som snakkar om kjærleikssorga til ho eine.

 

Fekk han til å sjå deg i augene?

 

Ein kunde kommenterer dei mørke områda i ansiktet til ho som lagar kaffien.

Ingen ser opp.

Det er pigmentflekkar, av og til ser dei ut som sommarfuglar.

 

Eg tenker på eit maleri av Munan Øvrelid som får meg til å vekselvis sjå sommarfugl og ansikt. Det er som om noko ser tilbake på oss frå ein annan stad.

Munan Øvrelid

Øye, hånd, sommerfugl. Munan Øvrelid 2015, olje på lerret, 40*30cm.

 

Vi er meir og meir med telefonane våre.

I staden for å la tankane vandra om vi har ei ledig stund, ser vi på nettet.

Det å stirra ut i lufta eller på folk som går forbi er ikkje greit på same måte som før  .

Kva skjer med kommunikasjon og kjensla av fellesskap når vi er så mykje på nett, og ikkje ser på kvarandre? Påverkar det emna vår til å handtera og reagera på klimakrisa?

Agnes Ravatn skriv i boka Operasjon sjølvdisiplin at tankane våre sjeldnare og sjeldnare er åleine og berre flyt av seg sjølv. Dei er med informasjon frå nettet. Endrar dette tankane våre? Nettet gjev meg som regel det eg vil ha, men eg finn òg ny eller uventa informasjon.

 

Eg tek fram mobilen for å svara på ein epost. Det er som om fingrane berre må opna facebook-appen, i staden. Der har nokon posta ein kronikk i Klassekampen av Anne Sverdrup-Thygeson. Ho spør kvifor så mykje av grønt arealet vårt er plenar, og skriv at dei er som ørken for insekta.

Dei får det mykje betre om ein plantar blomar eller lar hagen og plenen veksa vilt. Og med insekta kjem det fleire fuglar, piggsvin og ugler og rev. Eg håpar det kan bli livlege blomsterenger av ein del av plenane som varmen har teke livet av i sommar.   

Ein ven av meg fortel at bestemora hadde ein slik overgrodd og frodig hage.

Men der var enormt med mygg seier han, mykje mygg.

Nokre gonger er vi ein ressurs for insekta.

 

Vil vi vera del av økosystema? 

Eg ser vidare på facebook og kjem over eit bilde av eit skilt der det står «If something is not eating your plants, then your garden is not part of the ecosystem».

Vil vi vera del av økosystema? 

Det var aristokratiet i renessansen som fyrst sådde plenar i dei geometriske hagane sine. Den gong var idealet å kontrollera og temma naturen med matematikk og fornuft. Naturen var noko skremmande, som regel eit farleg hinder i liva til menneska. I romantikken blei den noko fantastisk og storslått som vi ikkje kunne temma med fornuft, men nyta, spegla oss i og undra oss over. I dag er det skremmande at vi menneske har blitt til ei så destruktiv naturkraft at vi endrar klima. Vi har allereie ført til varme, tørke, flom, til at der er miljøgifter overalt og at andre artar døyr ut.

Eg ser på ein video av Jan Hakon Erichsen på instagram der han bruker ein kaktus til å punktera ein ballong. Kaktusen fell så i golvet og knuser. Ein kan sjå på kunstnaren sitt ansikt- og kroppsspråk at det var eit uhell. Han ser overraska og trist ut.

Video frå prosjektet Sketches for Destruction, 2018, Jan Hakon Erichsen  

Med teknologi kan vi sjå langt ned i havet, opp i atmosfæren og til og med langt bakover i tida til universet. Vi kan setta saman store mengder komplekse data om vêret og overvaka vårt eige forbruk og energibruk. Men korleis vi som påverkar miljø og klima ser vi som regel ikkje i kvardagen. Det er fjernt, veldig komplekst, for stort eller for smått. Og media viser som oftast menneskeleg påverking på andre øko system og ikkje korleis vi er integrerte delar av store og små krinsløp i natur og kultur. Korleis kan vi sjå klimaendringane frå innsida?

 

«Sjølv om vi synst det er feil»

Desse tankane får meg til å sjå på nettsida til den amerikanske sosiologen Kari Marie Norgaard. Ho har forska på kvifor informasjon om klimaendringane ikkje fører til eit endå større engasjement. Eg les nokre nye intervju ho har linka til på nettsida si.

Der kjem det fram at vanlege kjensler om klimaendringar er fortviling, skam, skyld, sorg og maktesløyse. Det er vanleg å kollektivt prøva å unngå desse negative kjenslene, og det fører til at vi ikkje blir verkeleg engasjerte i saka. Vi fjernar oss frå klimakrisa både emosjonelt og i tid og rom, utan alltid å vera klar over det. Dei aller fleste av oss lever på måtar der vi er med på å skada naturen og endra klimaet. Sjølv om vi synst det er feil.

Mobilane våre er designa slik at vi heile tida får stimulert og ikkje stilt vitehugen, skriv Agnes Ravatn. Suget forset. Eg tenker at distraksjon er ein enkel og ikkje god form for trøst.

Og når eg les Norgaard kjenner eg meg igjen. Eg prøver å ta vekk den uroa og maktesløysa miljøproblema skapar. Eg leitar etter nye måtar å sjå og oppleva mitt forhold til naturen og verda på. Det er som om eg må forstå noko på nytt, før dei store endringane kan komma, i mitt liv. Handlar det om kjensler?

Eg las ein gong at nevrologar kan, ved hjelp av teknologi, sjå at hjernen har teke eit val før personen er klar over det sjølv, og slik kjenst det ut når eg forlet artiklane om klimakjenslene.

Før eg veit ordet av det har fingrane mine skreve nrk.no, bt.no, db.no og vg.no. Eg dreg blikket rastlaust over overskriftene, som ofte er nokolunde like i dei ulike nettavisene. Drap, skogbrann, vêret, eit liv utan plast, bonde i byen, tørke, handvesker og barnesyklar. Eg ser på dei om att og om att. Om eg føler ei uro i forhold til noko vert trongen til å sjekka ting på nettet større. Det kan skyldast kunsten eller sonen min som ikkje ville gå i barnehagen i dag. Får eg trøst av å surfa viljelaust på nettet?

Mobilane våre er designa slik at vi heile tida får stimulert og ikkje stilt vitehugen, skriv Agnes Ravatn. Suget forset. Eg tenker at distraksjon er ein enkel og ikkje god form for trøst.

Psykologen Renee Lertzmann skriv at dersom ein ser og bekreftar folk sine kjensler av uro, sorg og redsle i møte med utfordrande informasjon om klimakrisa, så er det større sjanse for at folk er villige til å gjera noko med den. Til og med dei som fornektar klimaendringane. Det er kraft i å sjå andre sine kjensler, det er kanskje den beste forma for trøst .

Sidan eg har googla teknologi, smarttelefon og kjensler ein del, kjem det no opp fleire artiklar på facebook om mobilbruk. Det står mellom anna at i dag er foreldre alltid fysisk tilstades for borna sine, men ofte emosjonelt distanserte fordi dei ser på mobilen sin. Kva skjer om barna over tid ikkje får svar på sine forsøk på kommunikasjon? Eller kanskje får dei ein slags respons, berre på ein meir fysisk og indirekte måte?

Boka Snu deg til meg av John Gottmann handlar om korleis vi møter andre sine forsøk på emosjonell kontakt. Det  millisekundet der ein vender seg vekk eller mot den andre i eit parforhold er avgjerande for om forholdet varer. For eksempel når den eine vil fortelja om noko som engasjerer.

Kan smarttelefonane kjenna igjen kjenslene våre? Når store delar av nettet er finansiert av annonser er det sjølvsagt i interessa til veldig mange at vi er avhengige av sosiale media og nettaviser og at vi klikkar meir og meir. Då eg var gravid kom det opp reklame relatert til det før eg hadde sagt det til nokon. Eg antek at algoritmane fanga opp at eg leita etter informasjon om kosthold og trening for gravide. Affektane våre er teknologien allereie god på å bruka. Men den kan ikkje respondera på same måte som eit anna menneske kan.

 

Å sjå på dyr

Ei veninna i Berlin har sendt meg ein epost med ein link til ein artikkel om Why Look at Animals? – ein artikkel av John Berger frå boka About Looking. Der står det at når vi ser på dyr i dyrehagen, så ser dei ikkje tilbake. Dei berre dreg blikket over oss. Dei er ikkje i stand til å retta merksemda mot nokon lenger. Dei er tekne ut av sine naturlege miljø, isolerte og marginaliserte og responsane deira er endra, for at vi skal sjå på dei.

Jacques Derrida skreiv ei heil bok utifrå ei oppleving der katten hans såg han naken, The Animal That Therefore I Am. Han skriv om å bli sett av dyr, om å sjå dyr og om det å tenka på dyr. Skal det finnast ei tenking om dyr, så må den koma frå ein poetisk ståstad, hevdar han.

Surfinga mi fører òg til at det blir vanskelegare å holda konsentrasjonen min på ein ting. Blikket vandrar og lesinga blir kort og oppdelt. Eg går inni ein døsig tilstand. Det er som om eg halvvegs drøymer og tida berre flyg.

Berger skriv òg om Rousseau sitt Essay on the Origins of Languages. Rousseau meiner at kjensler må ha vore det som fekk menneska til å begynna å snakka. Og då vi først ytra oss så var det i eit figurativt språk, kanskje i bilete av dyr. Så «…proper meanings were the last to be found.»

Jacques Derrida skreiv ei heil bok utifrå ei oppleving der katten hans såg han naken, The Animal That Therefore I Am. Han skriv om å bli sett av dyr, om å sjå dyr og om det å tenka på dyr. Skal det finnast ei tenking om dyr, så må den koma frå ein poetisk ståstad, hevdar han.

I kjølvatnet av boka oppstod feltet Zoopoetics, i følgje Wikipedia. Der rettar ein, menneske eller dyr, merksemda si mot andre vesen sin kroppslege poesi for å på den måten oppdaga nye sider ved dei .

Det er sjølvsagt at alle planter og dyr har ei kjensle for livet og for ting som skjer rundt dei. Men når eg ser opp og rundt meg på trea, så kan dette fortsatt overraska meg – tenk at dei òg er levande og sansar omverda!

Vi kan kjenna noko utan å forstå det.

 

Klima, klimpre, kline, klinke

Kunstnaren Daniel Slåttnes kommuniserer med potteplanter ved hjelp av teknologi og elektriske signal. Eit EEG-apparat er med å omsetja elektrisk aktivitet i kunstnaren sin hjerne og i plantene til lyd . Eg lurer på kva og korleis plantene høyrer.

Communication with a plant. Performance på Podium, Oslo, desember 2015, Daniel Tollefsen Slåttnes

Eg sjekkar ulike kunstnarar eg veit jobbar med miljøspørsmål på jakt etter eit kunstverk som kan visa at vi er ein integrert del av miljøet rundt oss. Eg ser for meg ein alarm som går av i galleriet kvar gong ein art døyr ut. Eller når utsleppa av klimagassar er for høge i lufta lokalt. Kanskje ville alarmen då stå på konstant. Ein ville opplevd alarmen, ikkje sjølve påverkinga.

Vi omset heile tida relasjonar til ord og til tal, bilete og modellar. Klima, klima, klima, klima.

Eg ser i ordboka på ord som liknar på klima. Ofte kan ord som liknar på kvarandre ha ei form, ei handling eller ei rørsle felles. Klima, klimpre, kline, klinke, klistre, klippe, klikke, klissete. Eg ser for meg ei hand som klikkar og klimprar på ei klinke mens noko klissete kliner og klistrar seg til den.

Mens eg ser etter kunst, kjem eg over ordet biosemiotikk. Eg sjekkar kva det er. Biosemiotikken seier at alt levande kjem til i relasjonar mellom teikn og at livet produserer meining. Viss vi forstod alt som teikn som påverkar kvarandre kontinuerleg, ville det vera lettare å sjå seg sjølv som integrert i natur og kultur? Affektar og kjensler er eksempel på slike teikn og signal som påverkar livet, og er liv.

 

Retta merksemda

Nokre dagar seinare treff eg ei god veninna i Tesalongen ved renessansehagen på Baroniet Rosendal. Mor hennar er veldig sjuk og vi snakkar om det. Det er vanskeleg å snakka om. Eg tenker på noko eg nett las på nettet, i eit intervju med forfattaren Richard Powers. Så lenge vi ikkje ser på naturen som noko levande og aktivt som vi er del av, så vil vi fortsetta å frykta døden, og å dominera naturen.

Så eg spør veninna mi om ikkje ho òg synst at det vi lærte som unge om historie, kunst og kultur var merkeleg skilt frå naturen og miljøet rundt.

Nettet kan til tider sløva, men det kan òg få oss til å retta merksemda mot andre, det kan gje energi og innhald til samtalar og impulsar til endring.

Ho seier at før var det jo slik at det vekte mykje engasjement då det var fare for mindre vatn i ein foss rett bak Baroniet fordi eit kraftverk lenger oppe i dalen skulle rustast opp. Fossen var ein viktig del av det totale visuelle inntrykket i landskapet. Få brydde seg om kva sprøytemiddel og kunstgjødsel førte til same staden. Omtrent samtidig skreiv den engasjerte farmora hennar eit lesarinnlegg i lokalavisa der ho spurte kor det hadde blitt av alle småfuglane. Det synst mange var rart den gongen, på slutten av nittitalet.

Ungdommar i dag synest ikkje at ein kan spørja om dei er avhengige av mobilane. Mobilane er jo ein føresetnad for at kvardagslivet deira skal fungera. Smarttelefonar er blitt integrerte delar av våre lokale og sosiale miljø. Dei kan vera fjernsyn, radio, avis, bibliotek, butikk, bussbillett, ombordstigingskort og sosiale rom.

Delar av denne teksten er skriven for hand og mesteparten av referansane og informasjonen er frå nettet. Nettet kan til tider sløva, men det kan òg få oss til å retta merksemda mot andre, det kan gje energi og innhald til samtalar og impulsar til endring. Måtte vi læra å bruka det med omhug. Etter den ekstreme varmen i  sommar håpar eg at klimakampen brer om seg som eld i tørt gras.

Eg ser opp frå datamaskina. På bakken framfor meg står fem sporvar og kikkar opp på meg, på jakt etter smular.

 

 

//

Randi Nygård (fødd 1977 i Bergen) er kunstnar og bur i Oslo og Berlin. Ho har ei mastergrad frå Kunstakademiet i Trondheim 2006. Hennar verk tek gjerne utgangspunkt i ulike vitskaplege fakta som kryssar samfunnet og det sosiale med naturen. Ho har helde separatutstillingar i inn- og utland, og er ein av to redaktørar for kunstspalta på denne nettsida.

Hvor dypt påvirker, former og endrer ulike former for teknologi tradisjonelle menneskelige utvekslinger – i form av hverdagsspråk, naturerfaringer, sosial tillit, kulturell identitet, populisme, økende klasseforskjeller, kunst, poesi, media-? Avhengig av klasse og økonomisk status, påvirker teknologien kvinner og menn ulikt? Hvilke konsekvenser har den teknologiske «designen» av mennesket fått for forståelsen av klimakrise, sosial nød og naturomgivelser?

Dette er noen av spørsmålene Klimaaksjonen vil stille en håndfull forfattere denne høsten. Serien med artikler og essays blir publisert takket være honorarstøtte fra Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.