Foto: Agnes Denes

 

(2)

 

Vindar av avling som

tørrstemte cembali

stryk gjennom aks imot aks;

 

vindar av menneskeskapt

korn står som gylne tårn,

skøyre, som ingen vind bryt;

 

kling som ein tonande

morgons forsonande

sprøsteikte nyskorne brød.

 

 

 

(3)

 

Kveite

baud Velkomen.

Fridom

baud Velkomen.

Den første

sett, den andre

eit syn. Fakkelen

baud Velkomen,

men fremst stod

kveiten, den som trongst

først. Den knugande

kveiten på stormannens bord

baud no Velkomen,

eit syn til å ta på:

harde som fridom

dei lysande faklane av aks.

 

 

 

(4)

 

Dette kornet

er ein konfrontasjon.

Snerpa er ru. To acres

piggtråd. Dette kornet

er ein inntrengar, gjer krav på

landet. Jamn denne

aude fyllinga. Søk ikkje

livd, de tårn, fly ikkje denne

gule åkeren, frykt ikkje kveitens

lågmælte multiplikasjon. Frykt

inkje, anna enn dei knuste

bakte og vaknande

dialektane av brød.

 

 

//

Diktene er hentet fra kapittelet Wheatfield i Åsmund Bjørnstads nye diktbok, Åkeren på Manhatten (Samlaget, 2018). / Se også det tidligere oppslaget om Wheatfield og Agnes Denes under vår kunstfane, Billedlig talt – Agnes Denes: En tidlig pionér innen økokunst.

 

Åkeren