Politikk / Monica Aasprong

I 2019 ble Forklaringsopplysningane, en samling av UKONS dikt, utgitt på Samlaget. Diktene i boka er valgt ut og oversatt av Monica Aasprong. «Politikk» er et avsnitt fra Aasprongs etterord.

/

Politikk

Når ein les «Verditautologien», første del av samlinga Barndomstolen frå 2009, er det nesten litt uhyggjeleg kor kvast desse ti år gamle dikta skjer inn i samtida: «Ein dag forsvann Stellers sjøku, øglehoftedinosauren, orthocerasen, kvastfinnefisken, velociraptor, dvergelefanten, mammuten. / Ein dag forsvann dalmatisk, elamittisk, etruskisk, faliskisk, hettittisk, hurrittisk, krimgotisk, karisk, mozarabisk, messapisk, norn, oskisk.» For sjølv om ein allereie for ti år sidan nok kunne ane kor det bar, at det økologiske mangfaldet var trua av industriell rovdrift på naturen, så er det først no at den eskalerande utdøyinga av artar til fulle er komen opp i det ålmenne medvitet.

Så kva er eit politisk dikt – eller snarare, kva gjer eit dikt politisk? For UKON serverer ikkje nokon diskurs, her fell ingen verdidomar, han seier ikkje at noko er uroande, han konstaterer berre på høgspeed at alle desse språka og artane er utdøydde – og mellom alle faktaopplysningane blandar han òg inn ting som ikkje er forsvunne, iallfall ikkje enno, som FN, Nato, ein kunne nesten føye til EU, og det blir liksom tydeleg for oss at alle institusjonar, alle alliansar, er i endring, kan endrast, ja, kan forsvinne. Til og med kategoriane, verdiane vi har.

I diktet «Desember, ettermiddag» frå Block, som tek utgangspunkt i ei line frå eit dikt av Tor Ulven, er perspektivet interessant nok dreia i motsett retning, og vi møter ein meditasjon over at noko kan finnast utan oss, utan vårt medvit eller nærvær, i ei tenkt framtid: No er det dyra og ulike fenomen, dansar, matrettar og så bortetter, som blir verande att etter oss. I skildringa av dei ulike dyra i diktet spelar han på Jorge Luis Borges’ dyretaksonomi, der Borges visstnok siterer ein kinesisk encyklopedi som klassifiserer dyr mellom anna i grupper som «tilhøyrer keisaren», som er «balsamerte», som er «fabeldyr», som er «tamme», som «spring rundt som galne», som nett «har knust vasskrukka», osb.1 I «Verditautologien» let UKON oss i etterfølgd sjå kor vilkårleg og kulturelt farga all inndeling i kategoriar er, at språklege strukturar, generalisering og klassifisering kan vere noko potensielt uhyrleg. Gjennom diktet rekk vi å tyggje litt på dette, for strukturane blir gjentekne for oss, ikkje berre eit par gonger, men utrøytteleg i oppramsingar, generaliseringar, og det blir til dømes svært skremmande når sko og barn blir underlagde same logikk, gjevne same plassen i den grammatiske strukturen. Valet er lett, seier røysta i diktet, ein vel dei som er finast og billegast.

Og spørsmålet som går som eit spøkjelse gjennom «Verditautologien», er: Kva for verdiar er knytte til kva? Finst det ein konstant, slik pengeverdi har vore knytt til gullbarrar? Kor skal vi gå med dei vaklande vurderingane våre? Kvifor går vi forbi tiggaren utanfor daglegvarebutikken utan å gje noko? Før kunne vi tenkje at det var fordi vi betalte skatt, men no, når vi veit at desse fattige EU-borgarane ikkje er omfatta av velferdssystemet, ikkje noko velferdssystem, kven har då ansvaret? Staten deira? Staten vår? EU? Vi sjølve, personleg? Dei som er rike? Rikare enn  oss? Dei andre fattige, som er fattigare enn oss? Dei sjølve?

Slik kan ein lese «Verditautologien» som ein kapitalismekritikk, det er nærliggjande, men vi blir uansett sitjande med våre eigne haldningar og tankar – og kjensler, ja, ansvaret, kunne ein seie, og reaksjonen på det vi har lese.

 

/

Monica Aasprong (født 7. januar 1969) er en norsk forfatter og oversetter.[1]

Aasprong debuterte i 1997 med romanen mellom Alex Gobulev og meg. Hun har ellers skrevet fire diktsamlinger, Soldatmarkedet (2006), Et diktet barn (2010), Sirkelsalme[2] (2013) og Mnemosyne Nomenclatur I-IX (2018). I 2019 utkom poetikken Obligo. (Kilde: Wikipedia).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑