All reell kritikk er konkret

Fotograf: Cato Lein

Av Eldrid Lunden / Foto: Cato Lein

 

All reell kritikk er konkret

sa dei gamle grekarane

Georg J. sa det same

og det same og det same

         heilt til han

mista den siste pusten under ein symjetur utanfor

kysten av Egypt i desember 2005

Kor mange som hugsar Georg, eller forstår

kan vere vanskeleg å vite

Bølgjene i havet teier. Det er det som er jobben deira

Bølgjene veit ikkje at Georg nesten aldri

deltok i opprop i media. Politikken hans var like

konkret som poesien hans var det. Eller beina

han stod på var det. Eg kan heller ikkje hugse at noen, noen gang

fann det nødvendig å fortelje han at han burde konsentrere seg

om litteraturen sin og la politikken fare

 

/11.09.13  Eldrid Lunden

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑