Foto: Tove K. Breistein
Av Sindre Ekrheim
I kva grad går skogane langs vegen, kven
bestemmer kor skogen går. Om skogen går,
går dyra. Forlét oss ikkje, dyr.
Slå rot, tre.
Sjølv om treet rømer oppover: mot greinene,
utover i det tynnaste: det toler framleis fuglens tyngd,
ein vind, ei bøying
att og fram,
raskare og raskare gyngande i straumen,
som om treet freista å
kvitte seg med fuglane og lauvet
/
Leave a Reply