Av Brit Bildøen – Publisert 20. juni 2014
Det finst mange snubletrådar om ein vil drive miljøpolitikk
Jonas Gahr Støre går til jobben som ny Ap-leiar med ambisjonar om å gjere Arbeidarpartiet til eit miljøparti. Samtidig vil han forsterke samarbeidet med fagrørsla. Det er to målsetjingar som ser temmeleg inkompatible ut, i alle fall om ein tenker tradisjonelt. Og det gjer Leif Sande, leiar i OL-forbundet Industri Energi. Han ber Støre komme til han og få nokon gode råd. Om Støre tar imot invitasjonen, vil han få høyre at «det er ein motsetnad mellom industri og miljø han ikkje berre kan sjå bort frå», som Sande uttalte til Klassekampen 3. juni.
Det Støre har bestemt seg for, er å bygge «et skip som går like fort til vanns som til lands». I det gamle folkeeventyret klarer Espen Askeladd det umogelege takka vere dei gode hjelparane han er så heldig å treffe på sin veg. Vår moderne Askeladd, som sit godt i det nettopp på grunn av eit gammalt industrieventyr, vil også møte mange hjelparar. Men om alle er like gode, er ei anna sak. Støre må nok lytte til alle, men må vere nøye med kven han tar imot råd og hjelp frå.
For invitasjonen frå Leif Sande er nok ikkje den einaste den nyslåtte Ap-leiaren vil få frå aktørar som fryktar den uttalte miljøprofilen hans. Særleg vil det nok vere ein del leiarar i oljeindustrien som meiner dei har eitt og anna dei kan «hjelpe» han med. Og sanneleg har ikkje gamle kollegaer frå regjeringskontora reist eit lite gullslott rett bak det kongelege slottet. Frå First House går det ut bod til internasjonale oljetoppar om at dei her kan få hjelp til å motarbeide dei nye klimareglane som kan ekskludere dei frå Oljefondet. Både Støre og dei som steller heime i First House er opptatt av historieforteljing. Spørsmålet er ikkje berre om Arbeidarpartiets klimaforteljing vil endre seg og bli betre under Støre, men om den vil kunne konkurrere med den jamne straumen av forteljingar som kjem frå eventyrbyrået bak slottet.
Det er altså ikkje lett å sjå forskjell på hjelparar og troll i desse dagar. Men eg ser eit lite håp i det at Støre seier at klima må vere ramma rundt all annan politikk. Det er også bra at han vil prøve å få folk med på ei positiv tenking rundt klimatrugsmålet: «Jeg ønsker å snu dette til et budskap som er optimistisk, at vi kan klare dette hvis vi utløser det beste vi har i oss selv og i de sterke fellesskapene vi har i Norge», har Støre sagt til NRK. Eit av dei sterkaste fellesskapa vi har i Norge, er nettopp LO. På veg til Leif Sandes kontor, håper eg derfor at Støre tar turen innom Roy Pedersen, leiar av LO i Oslo. Dei var aktive i Klimavalalliansen før valet i 2013, og Pedersen meiner blant anna at det går an å utvikle klimaarbeidsplassar med spesiell vekt på fornybar energi.
Det finst altså håp i stigande Støre, men også nok av ting som trekker ned forventningane. Ein kan berre sjå på kva Ap faktisk har fått gjort med dei store klima- og miljøspørsmåla i dei åtte åra dei har sete i regjering. I eit Klassekampenintervju med unge Ap-politikarar førre laurdag, sa Anette Trettebergstuen dette: «Eg har brukt sju år i Stortingets miljø- og energikomité på å kjempe for at Ap skal ha ein meir progressiv klimapolitikk, og no er vi i ferd med å gradvis vinne fram.» Sju år. Kjempe. Gradvis. Skipet som skal kunne gå både til lands og til vanns har ikkje hatt mykje vind i segla så langt. Kvifor skal vi tru at det blir meir fart i sakene no?
Kanskje fordi vi må, og fordi vi ønskjer å tru det. I det same intervjuet seier stortingsrepresentant Marianne Marthinsen at det er mange i hennar Auf-generasjon som har lege vakne om natta og uroa seg. Dei unge treng ei ny forteljing. Dei treng ei godnattforteljing med framtid i seg. Den må ikkje som eventyra ha ein lykkeleg slutt, til det er vi blitt for realistiske. Vi veit at gode hjelparar fort kan bli til troll og mosegrodde dragar, og at gull i dag ikkje glimrar, det er svart og flytande. Og det vi i alle fall veit, er at det er fort gjort å bli sitjande fast med nasen i ein stubbe.
Vi får berre håpe at Jonas Gahr Støre klarer å komme seg eit stykke på veg, før alle dei gode hjelparane får kloa i han.
/
Artikkelen har stått i Klassekampens Signert-spalte 13. juni 2014.
Leave a Reply