Frode_Grytten_vers_2953593a

Av Frode Grytten (Foto: Morten Wanvik)

 

her kjem ho, den rasande elva

her kjem huset til granheimen

her kjem huset til espe

her kjem endå eit hus flytande

her kjem eit uthus og ein dobbel garasje

ja det kjem, no kjem det

her kjem fotoalbum og kosebamsar og oskebeger

her kjem ei madrass og eit brannslokkingsapparat

ja, her kjem det

noko du aldri før har sett i Odda

150 millimeter nedbør siste døgn

770000 liter vatn i sekundet ned dalen

fem hus rasert

68 personar evakuert

ein av dei far min

far min er blitt hovudsak i nyheitene

noko du aldri har hørt før

lampene sloknar i odda og slår blå gneistrar

her kjem det

her kjem sivilforsvar og politi

her kjem hagen til nordli og det meste av opovegen

og halve huset heng i lause lufta

kanskje kjem det, her kjem det kanskje

ingenting du har sett før

her kjem journalistane og her kjem fotografane

her kjem direktesendingane og snakkehovuda

her kjem lesarvideoane på nettet

(det kjem bare ei annonse for esso først: ”we are energy”)

her kjem geologen og teknisk sjef

og den lokale lensmannen og kommuneoverlegen

her kjem elva mi med sjuk fart

dette er elva mi

opo, der vi leikte som gutar

no er fotballbanen tatt av elva

alle dei som blir intervjua på tv

er dei eg spelte ball med

terje og jan ove og roald

her kjem opo, opo betyr rop, her kjem opo

eg har skrive ein heil roman om den elva

flytande bjørn

den elva har vunne rivertonprisen

den elva er ikkje til å svømme i

den elva er til å drukne i

ei rasande elv

her kjem den flytande bjørnen

her kjem eit regn av stein og tre, bjelkar og glas

her kjem stresslessar og skinnsofaer

her kjem reolen med kenwoodanlegget

her kjem olje- og energiministeren

her kjem statsministeren

med alt det du har hørt før

her kjem pressekonferansar og fleire rapportar

og ein flaum av ord ord ord

og preik og intervju og fn’s klimapanel

men her kjem det, ja det kjem til å komme

nedbørsrekord og erosjon

ekstreme massar av vatn og stein

og døande innsjøar og ville brannar

her kjem global oppvarming og lyn og varmerekordar

ja det kjem, det kjem til å komme

du treng ikkje ein gong ei krystallkule

bare vent og sjå

mi elv denne gong

di neste gong

det kjem til å komme

ingenting du har sett før

ingenting du har sett før

 

//

Vi takker for diktet, som du kan høre opplest i NRK P2s Salongen.