Eg skal få ta dykk tilbake til 1989. I 1989 – det er 24 år sidan no – var menneskeskapte klimaendringar for første gong ein del av norsk politikk. Kommunal- og miljøkomiteen på Stortinget hadde på våren behandla kva målsetjing Norge skulle ha for utslepp av CO2. Sp var partiet som gjekk lengst då – og ville ha ei halvering innan år 2000. Venstre tok hansken opp, og sette det samme kravet i valkampen, altså at Norge skulle redusera sine CO2-utslepp til halvparten på berre 11 år. (Miljøpartiet De Grønne fanst ikkje, berre så det er nevnt.)
I dag er desse fordingane til å le av. Det skulle jo visa seg heilt umogleg å nå slike høge fordringar, kor godt dei enn var meint. Utsleppa av den viktigaste menneskerelaterte klimagassen steig innan årtusenskiftet – med 20 %.
Fordringane er også til å gråta av. I dag – 24 år etter – har utsleppa av karbondioksid berre halde fram med å auka, i Norge, som i resten av verda. Dei er ikkje blitt halvert, og dei er ikkje blitt stabilisert til 1989-nivået ein gong. I dag har vi også begynt å hausta fruktene av dei unnlatingssyndene som byrja seint på 1980-talet. Arktis er i ferd med å smelta, stormar og flaumar aukar i styrke.
Alle norske politikarar var klar over denne risikoen i 1989. Det ingen hadde rekna på, verken i Stortingskomitear eller i partiprogram, var kva oljeproduksjon ville ha å seia for våre utslepp av C02. For det som også skjedde i 1989, var at det gamle taket på norsk utvinning forsvann. Norske politikarar og norsk embetsverk hadde heilt sidan starten på det såkalla oljeeventyret, sett for seg at oljeutvinninga ikkje burde gå over eit visst nivå av millionar tonn. I 1989 trødde vi over denne grensa.
Og det skjedde utan politisk debatt.
Talet tonn olje vi eksporterte gjennom 1990-talet, gjekk ikkje berre gjennom taket. Dei auka så kraftig at vi må seia dei dundra gjennom stortings(ved)taket.
Difor må vi tilbake til 1989. Vi må debatten på ny: kva er forholdet mellom norsk klimapolitikk og norsk oljepolikk? Må ikkje desse to storleikane henga i hop? Må ikkje oljeutvinninga underordna seg dei nødvendige klimagassreduksjonane?
Vi er på veg tilbake dit. Ikkje berre på grunn av Miljøpartiet de Grønne, men på grunn av mange modige og kloke utspel, også av desse som har teke initiativ til Forfatternes Klimaaksjon, er vi i ferd med å få denne diskusjonen vi ikkje har tatt på alvor før, og som ikkje berre mange tunge kompetansesenter og forskingsmiljø, men som klimaendringane sjølve tvingar oss til.
Sagt i sum: Norge har eit tredobbelt ansvar. Vi sa tidleg, heilt tilbake i 1989, at vi ville vera eit føregangsland, også i klimapolitikken. Vi let likevel våre eigne utslepp gå i veret. Og vi eksporterte enorme mengder C02 gjennom olja og gassen vår i heile dette tidsrommet.
24 år er lenge, frykteleg lenge utan skikkeleg klimapolitikk. Likevel er det råd å sjå i spenning fram mot valet den 9. september. Ja, det er faktisk rom for litt grønn optimisme.
Klimaet er eit anna, på vondt, og på godt.
Leave a Reply