Trygve Refsdal liten filAv Trygve Refsdal – Publisert 28. mai 2014

 

Er eg på ein feil klode?

 

            Poeten Sigbjørn Obstfelder skreiv eit dikt om vår klode i 1893. Åpningsorda og sluttorda var slik:

            Dette er altsaa verden.

            Dette er klodernes hjem.

            ……………..

            Jeg ser, jeg ser ….

            Jeg er visst kommet på en feil klode!

            Her er saa underligt ….

 

            Tre år seinare, i 1896, heldt Svante Arrhenius eit foredrag om drivhuseffekten, CO2 og brenning av kol. Arrhenius var ein intens forskar. Han fekk Nobelprisen i kjemi, og hans forsking viste at ei dobling av CO2-innhaldet i atmosfæren gjev ein temperaturauke på 3o Celsius. Hans arbeid held framleis mål. – I sitt foredrag sa han:

            ”Med aukande innhald av karbondioksid i atmosfæren, kan vi vona på tidsbolkar med eit meir stabilt og betre klima, serleg i kaldare regionar, – tider der jordkloden vil velsigna oss med betre avlingar enn no.”

 

            Svante Arrhenius hadde nok rett – i si tid. Og det Sigbjørn Obstfelder skreiv er vel også rett – i vår tid?

            Dagens norske politikk knytt til oljeutvinning, karbon og klimatiltak er så underleg. Så underleg kortsiktig. Og utan klimahistorisk forankring. For Erna og Siv, Tord Lien og Ola Borten Moe er vel karbon mest energi. Energi, pengar, arbeidsplassar, vekst. Og ein del av vårt irrasjonelle Kyoto-rekneskap.

            Men karbon og våre fossile ressursar er så uendeleg mykje meir! CO2 er òg ein nødvendig del av fotosyntesen. Karbon er ein del av all mat og all biomasse. – Sjølv har eg levt med dette i heile mitt vaksne liv. Men no er det som om eg er på ein feil klode, ein framand her i Noreg.

            Kvar dag brenner vi opp fossil energi som vart danna i tusen år! Eller, sett på ein annan måte: Om våre fossile ressursar vart danna i eit døger, 24 timar, så tek vi dei ut på eit tidels sekund. – Karbon vert i dag vert sløsa bort i villskap, i trafikk og mobilitet, men er i realiteten ein uerstatteleg og fleirsidig ressurs for alt liv på jorda.

            Noreg står for 0,4 prosent av våre kjende globale oljereservar. Vår oljeproduksjon står for 1,6 prosent av den globale. Vi tømer såleis våre oljereservar fire gonger raskare enn resten av verda.

 

            Det Svante Arrhenius såg i 1896, ser berre eit fåtal i dagens Storting eller i media.

            Han kjende vår bakgrunn. Istider hadde vore det vanlege i så lang tid, berre avbrotne av korte mellom-istider. Karbon var ei mangelvare i atmosfæren i dei 450.000 åra bak oss! – Det veit vi no, etter iskjerneboringar på Grønland.

            I berre 80.000 år av denne perioden var innhaldet av CO2 i atmosfæren over 260 ppm, men aldri over 300 ppm. I 170.000 år var det så lågt som 220 ppm eller lågare. Med ein så låg verdi i dag ville vi no hatt hungersnaud, med våre 7 milliardar menneske.

            Her er ein fin balanse. I tidlegare tidsbolkar hadde aktive vulkanar vore ei viktig kjelde for tilførsel av CO2 til atmosfæren, som i Eocene. Utbrota gav kortvarige temperaturfall, men òg tilførsel av drivhusgassar til lufta, med langtidsverknad og varme periodar.

 

            På ein aldrande klode minskar vulkanaktiviteten. Då trengs det tilførsel av karbon til atmosfæren for å kompensera for det naturlege tapet av CO2 frå lufta til verdshava.

            Ei moderat tilførsle av CO2 frå brenning av fossil energi er då ei viss forsikring mot klimaforverring, med nedkjøling. – Arrhenius såg dette. Han såg òg at ei tilførsle av CO2 til lufta er nyttig for fotosyntesen. Ingen plantevekst utan CO2 i lufta!

            Hans perspektiv i sine kalkyler var ei utvinning av fossile ressursar på 1000 år. Globale uttak var i hans tid om lag ½ GtOE (milliard tonn oljeekvivalentar) per år. Om lag passeleg for å halda den fine balansen i atmosfæren?

            Arrhenius kunne knapt førestilla seg at våre uttak av fossil energi skulle 20-doblast, til dagens 10 GtOE per år. I dag er dei menneskeskapte utsleppa om lag 70 gonger større enn dei vi får frå vulkanar!

            Med det har CO2-innhaldet i lufta auka frå under 300 ppm i 1896, til 320 ppm i 1960 og til 400 ppm i dag. Det som kunne ha vore ei velsigning er gjort til ein risiko, eit stort eksperiment. Takka vere vår grådigheit når det gjeld energi. Eller som våre stortingsmeldingar indoktrinerer, oppatt og oppatt: ”Verden er umettelig på energi.”

            Den auka konsentrasjonen betyr at verdshava no tek opp stadig meir karbon, medan våre fossile reservar minskar. Vi sløsar, med vår mobilitet og vår pompøse livsstil. Regjeringa krev vegbygging, taxfree og motorferdsle i vår frie natur. På hundre år vil vi ha tatt ut det meste av våre fossile karbonressursar, og overført det meste av dei til djuphavet.

            Kvar er vårt langsiktige forvaltningsansvar for vår natur og våre vitale ressursar?

/

Artikkelen har stått i Klassekampens nye spalte Naturligvis (26.5.14)