Kjære Antarktis

Av Arild Stubhaug

Stubhaug-Arild

Du er eit lysande håp der du ligg

med dine sprekkeferdige brear, enorme vidder

og eit platå utan like, eit nesten uendeleg rom

i grått kvitt og blått.

Ingen nærmar seg deg utan vidare.

Du er ikkje rutine. Du sopar inn alt, sopar alt ut.

Så få døde kviler i din famn.

Ufattelege orkanar og vanvittig kulde.

Kjære Antarktis med dronning Maudland.

Klatre i dine fjell.

Dei verste strabasar med livet som innsats

for å forfølgje ein idé, navigere rett.

Og så alle pingvinane. Nokre med dusk

andre glatte som elfenbein, i kjole og kvitt, keisar

pingvinar, står med egget mellom føtene, voggar

seg inn i isande kulde, står og voggar fram nyfødt

til lyset og den kolossale sommardagen

som kvelver seg til verdens ende med ein krans

av berr strand omkring seg.

Ein masse lys som får alt levande til å skjelve.

Ein masse vind som får alt levande til å fly

utover havet så rikt på krill at…

kjære Antarktis:

Eg har sett blodårene i isen.

Ingen skal utnytte deg.

Du skal ingenting gi, er til inga nytte

berre er og er

ufatteleg rom

(frå diktsamlinga ELD I SOL, 1988)

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑