Av Karin Moe / Foto: Lone Fingann Stol
Kviledagen har vore under atakk og debatt dette året, under mange namn: heilagdagen, annleisdagen, den sjuande dagen. Mange har levert høyringar, dei fleste er uvillige til å røra ved kviledagen. Saka stikk djupt.
Få er ajour med at kviledagen i år fell i kvileåret 2015: shemitahen i den hebraiske kalenderen. Kvileåret fell kvart sjuande år og sette inn i september 2014 ( i månaden tishri) og når sitt klimaks 13. september i år (29. elul). At Gud kvilde sjuande dagen i skapingssoga, er velkjent. Tekstane om kvileåret, sabbatsåret eller shemitahen i 3. Mosebok er mindre kjende. Men dei er ikkje mindre radikale å ha i minne, sjølv om denne gudgjevne reforma skulle gjelda for israelsfolket og går attende 3500 år:
«Herren sa til Moses på Sinaifjellet: Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet halda sabbat. Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjæra vinstokkane og samla inn grøda i landet. Men i det sjuande året skal det vera sabbat for Herren, eit kvileår for landet.» (3.Mos 25, 1-4)
Rotordet i shemitah er ‘shamat’ som tyder å ‘ettergje’, ‘løysa’, ‘oppheva’, ‘setja fri’ og å ‘la falla og fara’. Det viktigaste i shemitah-året var å henga med Herren: lovsong, dans, himla kvild. Det andelege livet fekk råda og det materielle falla. Folket skulle setja si lit til den som kler liljene på marka og mettar fuglane i sky.
Minst like viktig var det økologiske siktemålet: landet, jorda, naturen skulle få kvila. Det innebar at produksjon og sysselsetting skulle avta, kjøp og sal minka. Innretninga i økonomien var radikal: nullvekst, gjeldsslette, kreditt kansellert. Kvifor? Jo, alle verdiar som var skapte dei førre seks åra skulle bli allemannseige og nytast i fellesskap. Inngjerdingar skulle falla og dei fattige finna føde på markene. Ingen skulle eigast av det dei eigde. Shemitahen var eit jamstellingssår innfor Herren: elitisme og egoisme fekk vika for sams vilkår innfor Gud, til gjensidig glede.
Kvifor vart Jerusalem lagd aude i 586 f. Kr. og folket tvangsmigrert til Babylon for 70 år? 3. Mos 26,34-36 forklarer:
«Då skal landet ta att sabbatsåra sine (…) då skal det få att den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra medan de budde der.»
Omstillinga til eit nærast kommunistisk samfunn der jorda talde like mykje som menneska, må ha vore radikal. Shemitahen var eit læringsår som kunne bli bratt dersom landets grunnverdiar hadde fjerna seg langt frå utgangspunktet. Klimaks inntraff mot slutten av året på sjølve dagen for gjeldsslette. Resultatet kunne bli velsigning eller forbanning og straffedom, alt etter stoda 29.elul: ettergjevingsdagen.
Det er Jonathan Cahn som har henta opp kunnskapen om kvileåret i Shemitahens mysterium, på norsk 2014. Boka er ein oppfølgar av Profetien som låg på bestseljarlistene i USA lenge etter utgjevinga i 2012. Hans hovedbodskap går fram av undertittelen: «Et urgammelt mysterium med hemmeligheten til Amerikas framtid». I eit vidare perspektiv åtvarer Cahn mot andeleg fråfall og materialisme i land som bygde sine nasjonar – grunnlov og styresett, på Bibelens grunn og truskap og avhengigheit av Gud.
Forfattaren følgjer kvileåret inn i amerikansk notid: Store børskrakk har kome i shemitahår. Mønsteret blir alt meir presist i notid. Tvillingtårna fall seks dagar før ettergjevingsdagen i 2001, dagen børsane raste verda over. Dei konkrete børsanalysene i boka får finansfolka ettergå, sjølv har eg aktualisert ordbruken noko i framstillinga (økologi, politikk).
Cahn held fram at hendingane knytte til kvileår i USA har slått ut i mange land, grunna USAs globale makt økonomisk og militært. Han analyserer m.a. finanskrisa i 2008 og følgjene internasjonalt i dette shamitahåret, men kjem ikkje inn på utsiktene til grexit, brexit etc i inneverande kvileår. Før 13. september kan Syriza halda ekstraordinært årsmøte om europakka. 1.tishri, 14. september – ei ny byrjing?
Høyrer eg knurring: Angår dette Norge? Cahn nemner då ikkje Norge.Vårt land har sitt fundament i kristenretten sett på Moster i 995. Slaget i Norge vil stå om lovverket i eit muleg shemitah-perspektiv. Før eit øydande shemitah-utfall kjem, har landet det gjeld fått ei revne, ei rift, ifølgje Cahn.
Tid for læring, tid til refleksjon, tid for å søkja Gud.
//
Signaturartikkel frå Klassekampen 8. august 2015. Vi takkar forfattar og avis!
Leave a Reply