Av Mette Karlsvik
Når eg har det godt,
når eg er oppe i det klåre lyset,
og er høgt over kloden,
då ser eg forbetringsmulegheiter.
Eg ser potensial for godt liv, for så mange.
Eg fryktar ikkje å bli trist att,
men fryktar å miste oversikta igjen.
For meg er det å ha det godt, å sjå.
Å sjå skåra i andre sine liv. Men så sjå forbi det,
sjå stort på det, vere raus. Eg ser på meir av alt,
ser med skråblikk på glansbilda, og slik får eg
innsyn til sprekkar,
skuggar. Å sjå på meg sjølv er vanskelegare.
Eg korrigerer heile tida meg sjølv
når eg speglar meg.
Snur lyssida til, ryggar styggsida inn i mørkret.
Eg øver meg, og byrjar om våren, når andre hyllar våren og
jublar i vårens sky,
då jublar eg ikkje lenger med, men seier,
om eg blir spurd, at nei,
eg trivs ikkje om våren, når vinden dyttar på lufta,
når alt skal bli til og så mykje må lagast,
når blomster skal lagast og bier er busy og lam og egg
skal lagast og dag lagast og grønsaker og bøker og
eksamenstekstar lagast.
Eg veit aldri heilt kva som kjem ut av våren,
mens hausten er så lik kvar gong,
han er alltid grøn, gul, oransje, raud, brun, grå.
Hausten kan eg lite på.
Haust durar av gårde i jamn fart, som eit tankfly.
Ein som gir mat til kropp og til tankar. Fyller magen, gir
tyngd og svevn.
__
Mette Karlsvik har laget en bok som vil glede og opplyse leserne slik bare litteratur kan; lik en bevegelse i et landskap som både er stemme, hage og en lyttende himmel. Per Erik Buchanan Andersen assosierer tekstformen til «bønnestengelen i eventyret» i omtalen på Litteraturgarasjen:
«Vekstvilkår» fremstår som en dokumentasjon på forfatterens stipendiatår i Skien, og er førstebok ut på det ikke-kommersielle forlaget Spriten forlag, et underselskap av Spriten kunsthall på Klosterøya i Skien. Det er en delikat bok designet av skotten Emlyn Firth med fotografier og tekster av Mette Karlsvik. Boken er delt inn i ni underbøker, de tre første heter Klosterbok, Folkeparkbok og Klosterøyabok. Forfatteren bruker Skien som et utgangspunkt for essayistiske og poetiske funderinger omkring hvordan liv vokser frem, gjennom lag over lag, tid over tid.
Essayboka åpner slik:
«Det levande har ikkje skal. Skal trengs ikkje. Ikkje noko måhaldast unna. Berre tid er av betydning. Tid kjem. Tid tar av den tid som alt levande har. Mellom blaute dyr finst ikkje luft. Lag på lag med daude, blaute dyr, lagar botnen av grunnen. Utvikling gjer at blautdyr får skal. Vi kallar det vekst.
500 millionar år før klostra får blautdyr skal. Skaldyr er ein mangslungen fauna av artar. Alle sine skal fulle av kalk. Dei døyr. Ramlar til botnen av hav. Born av hav blir pressa saman…»
//
Vi takker for dikt!
Leave a Reply