Av Idar Lind
Nøkken sit under fossen og gnikkar på fela si
Tonen dirrar i lufta, ein vakker og var melodi
Men inga jente vert fanga, det kjem ikkje jenter forbi
Nøkken ser etter Huldra, men Huldra er ikkje å sjå
Skogen står ikkje lenger og Huldra har flytta ifrå
No har ho jobb inni byen, på nattklubben «Berget det blå»
Nøkken ropar på Nissen, men får berre ekko til svar
Alle dyra er slakta og fjøset står tomt der dei var
No passar Nissen maskiner som broilerfabrikkproletar
Nøkken ventar på Trollet, men trollberget har fått tunnel
Prinsessa fekk haik med ein trailer og arbeid på høgfjellshotell
No jobbar trollet som pendlar, med anleggsarbeide i fjell
Nøkken går heim til fossen, men finn berre røyr der han var
No sit han glømt og forkommi i skåla på eit pissoar
og spelar med klagande tonar ein slått på elektrisk gitar
/
Tekst Idar Lind, melodi Jon Sverre Berg 1977.
/
I dette diktet ser vi til 1970-tallet og sjangeren som mer enn noen annen kjennetegnet denne tidsperioden, visekunsten. «Nøkken» er skrevet av Idar Lind som er usedvanlig allsidig forfatter, kjent for skuespill, romaner, filmmanus, sanger (bl.a. D.D.E) – og fra unge dager en årelang innsats for UKErevyen ved Studentersamfundet i Trondhjem. Det er derfra ukas dikt er hentet.
Idar Lind er også mannen som på Den norske Forfatterforeningens årsmøte i 2013 kom med et forløsende forslag. Tre forslagsstillere ville overtale DnF til å engasjere seg i klimasaken, men det var uenighet på årsmøtet, med sterke følelser og høy spenning under avstemningene. Lind tok ordet og foreslo en modell som skulle lede til dannelsen av Forfatternes klimaaksjon, en organisasjon med medlemmer fra alle forfatterorganisasjonene.
Vi takker Idar Lind for visa!
Leave a Reply