Pilegrim

Stein-Versto.ashxAv Stein Versto

 

Dette er ein gamal veg

der fut og fant fór fram ein gong.

No ber vegen mine steg         

og røysta mi ber fram ein song.

 

Dette er ein skog med folk

frå løynde rike, gløymde bort,

ser på alt med unders augo,

dukkar snøgt fram, gøymest fort.

 

Denne duva kjem til deg

som leitar etter veg å gå,

send ifrå den stad du strevar

for å hugse namnet på.

 

Dette er ein himmelstige,

englar lyser, rad på rad,

Jakob såg han, og Kong Olav,

i siste draum før Stiklestad.

 

Dette er eit stille hus

med dagar lagde stilt i ring,

vegger varme av ditt nærvèr,

ljoset ditt i alle ting.

 

Dette er ein heilag fred

for hjarta. Lat den stige ned

og fylle mjukt kvar sjel i kyrkje,

synagoge og moské.

 

/

 

Denne vekas poet er Stein Versto. Han er født i 1957 og busett i Vinje. Han har gjeve ut fire bøker, to diktsamlingar og to prosabøker, sist romanen Nidaros frå 2013. Han er også ein dyktig spelemann på hardingfele og gav i 2011 ut ein solo cd med slåttar etter brødrene Groven.

Stein Versto har alltid ein høg himmel over det han skriv, med eit etisk og estetisk alvor som rører lesaren. Songteksten Pilegrim er frå plata med same namn av Odd Nordstoga. 

 

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑