Av Mette Karlsvik / Foto: Vegard Eggen
Svovel sviv over vatn over jorder overalt der det er le nok til at jord får ligge, potet gro, der får også svovel fare. Farleg full av fluor, denne luft frå vulkan. Vulkangift driv aust, heilt til vikinglandet Øy. Vikingar kjenner knapt spor av fluor. Ein ravn kjenner spor av fluor. Han kjenner spor av anna også, i lufta, av noko han kan nytte. Ravnen legg seg på vengar og driv med nordvesten. Han drar vikingar med seg. Siglar mot vest. Viktingar siglar med han. Mot fluor. Mot land som ryk. Ryk vik, ryk vatn, varmar opp karar. Oppdrift av varme luftstraumar held karar fyrrige. Fyrrige karar, fyrrige kvinner. Karslege tak, gode kår, mange fruktbare år. Så svinn dei hen, potetar. Heile avlingen fails. Utan- frå kjem no nye folk, folk som tar eigedom over land: Danmark er dei som styrar når avling fails. Får heile båtlaster sendt over. Dansk gjer pragmatikk. Eymann vandrar ut i vidda, over til myra som er varm, og speler på lyra si. Han er trygg som formbunden lyrikk, der han sitt, under åsyn av den danske kongen. Slik går det i alle fall, kvedet som han lagar, om kva som meining gir, til dette livet; å elske nokon, og la seg bli elska. Å ta vare på det ein elskar, og ta vare på der ein bur. Han blir eit ettertrakta menneske, denne Eymann. Ey blir ei ettertrakta øy. Løytnant kjem frå Tyskland. Han kjem med fly, med eigen pilot, og har papir med seg. Store rullar tjukt papir. Skarpe penner, blyantar med hardt bly. Dei kallar seg kartografar, men liknar speidarar. Pressar seg ikkje på, þey, med sin kultur, sine måtar. Majorar og løytnan- tar held seg mest unna, i ytterkantane, skuggane,
der þey verken intrude, eller blir intruded on, men får kartlegge Island, nennsamt, grundig, over vidder, små skogar, veldige flak av rein is. þey teiknar Ey, som sett ovanfrå. Hamna og hovudstaden teiknar dei med særleg stor iver. Politihuset og det vesle som finnst av uttrykkings- kjøretøy, av fangstfolk og fangstverktøya deira, tel dei også, og noterer på eit anna, stort ark. Samstundes komplimenterar dei Eymann for spelet hans, for ven- leiken hans. Hardardur dokk, seier danskane, til Ey- folket. Men Eyfolk vender solandleta sine til. Ikkje før danskane sjølv kjem, før danskane hyttar med neven, snur løytnanten og piloten.
Danmark trekk seg attende. Island skapar eige system. Det som var eit trippelland blir eit heilt land, og eitt dobbeltland. To ulike system, kvar for seg definert som fulleinte krinsar, der det eine er gamalt, det andre blir bygga frå grunnen av. Planlagt, systematisert, til to politiske sentre, to storting, to sjefar, to sjukehus, ti bankar, tolv kinoar, tretti idrettshallar, eit hundre- tals symjehallar, og halvannan arkitekturhistorie.
Ei bru av luftbølgjer går mellom Ey og verölð stor. NATO-soldatar speler amerikansk musikk for eyfolk. Eyfolk speler eymusikk for Amerika, via NATO-base avdeling Ey. Eymann speler Fender Stratocaster under Cirrostratus, Nimbosotratus, via NATO Airforce Radio. Radiatorar varmar islandsk style. Steinhus heite som berre på Island er muleg. Det finnst ikkje grenser for kor heite husa kan vere, for kor høgt eyfolk kan spele, eller kor langt låta når. Ho når London, New York, Berlin, ristar i Berlin til Berlinmuren ramlar, til det som var to heile system, to øyer, skal einast til eitt system. Sukkulimar blir Sugarcubes blir av dei største i nordisk goth, og populære i eitt Berlin som leiter etter noko ur. Å rive ein mur ned er som å bygge ei bru.
Når det er spenning i lufta, kjem lyn frå klår himmel. Tusen og ein, tusen og to, tusen og tre, til skrallet kjem. Men det er framleis dagar til vulkanen bryt ut. Eyfolk tenkjer raf, tenkjer el, akkurat når lyn slår ned, stoppar straum. Heimar, hos rike og fattige, i skular, sjukehus, sjukeheimar, går straumen. Straumen stoppar. Sjuke- husaggregat stoppar. Stansar straum stansar kuvøser, intravenøs næringspumpe. Brøkdelen av sekund seina- re startar krisekraftverket. Toppstöðin stod i beredskap. Til bygget kjem folk som tenkjer raf, folk som såg tore- veret komme. Lynet kom ikkje frå klår himmel. Likevel er systemet som overraska. Kol og olje brinn. Flammen frå dei blir eit gulbrunt lys under lynets kvite.
Vulkanen bryt himmelen. Stormen kjem til. Flaum riv i fe og bygg. Brann står opp frå toppen av fjell. Toppstöðin er toppkrafta. Over Toppstöðin er kraftverka. Over kraftverka, vulkanane og under vulkanane, verölð stor. I verölð flyt magma, ligg vatn, ligg olje og kol. Kol og olje pumpa opp, og fyrt opp i Toppstöðin. Brannar byrjar. Brannar blir sterkare av vinden som bles utanfor veggane av bylgja blekk. Alltid nok innanfor veggane til å halde maskineriet i gong. Brannen frå fossilt brensel blir brukt varsamt. Berre for å sikre sjukehusstraumen, og ikkje lenger enn at vasskraftdrive aggregat startar. Sjølv om det er ti år sia sist, startar Topp- stöðin også dette året, også før dette utbrotet. Stilla etterpå varar heilt til toppmøta, dei mel- lom Reagan og Gorbatsjov på Hotel Borg, dei mellom Kasparov og Bobby Fischer i Rádhusid. Dei siste til kampar over sjakkbrett over dagar i total stille, brote av lange fråver, av vering og venting, under ei luft som dirrar av uforløyst spenning.
/
Leave a Reply