Hjernen er eit hav.
Hjernen er eit hav som slår mot strender
med boreale skogar innanfor.
Hjernen sine boreale skogar strammar
som eit belte rundt kraniet.
Det boreale barskogbeltet strekker seg
frå augekrok til augekrok. Mellom augekrokane
skjer nasebeinet seg inn
som ein fjellrygg. Ein fjellrygg
som skjer seg inn i hjernen er eit teikn
på langt framskriden død.
Som innehavar av fjellryggen
innehavar av gjenverande timar og år
uvissa kasta inn med havvindane
fyllest eg av tinga som eg tilhøyrer:
Her stryk ein skarv over svart hav, her jagar
sopphyfer gjennom skrinnt jordsmonn.
Bionoma ligg ikkje i ro
under tyngdekrafta. Gravitasjonen
sløkker ikkje skarelyset under rovdyrspranget.
Gravitasjonen teier ikkje det fossile skriket
frå havbotnen ihel.
Når døden nærmar seg gir eg meg over
til taigaen. Under midnattsmånen
bit eg i kvitkrullen
og lèt det som hender her
skape liket om.
/
Den indiske nobelprisvinnaren Tagore meinte at ein burde vere både plogmann og poet. Terje Tørrisplass er skogmann og poet. Og hallingdøl. Skogen er staden dikta hans ofte utspelar seg i, og utsynet er vidt; veider, vidde, vatn og vardar. Dei minner oss på den høge kvelvingen vi har over liva våre. Tørrisplass har gitt ut to diktsamlingar «Eg bygger ikkje byar» frå 2010 og «Glenne» frå 2013, begge på Samlaget. Han er aktuell med fire dikt i jubileumsantologien «Naturen svikter aldri», gitt ut i samband med at Naturvernforbundet feirar 100 år.
Vi takkar so mykje for diktet!
Leave a Reply