Tid for granalvor

Bildøen, Brit 2009 Tove K. Breistein (1)

Av Brit Bildøen – Publisert 14. desember 2013

Blir ikkje adventstida stadig meir surrealistisk?

Det er ikkje berre svenskane som konfronterer oss for tida, om kven vi er blitt og kvar vi er på veg. Alle utlendingar vi møter stiller dei same spørsmåla. Korleis er det å leve i eit så rikt land? Kva har 22. juli gjort med oss? Korleis kunne vi velje ei anna, til og med ei mørkeblå regjering slik forholda er?

Desse spørsmåla stiller også våre japanske venner, som vi har treft igjen her i Berlin. Ho er forfattar, han er økonom. Kva gjer ein med så mykje pengar? Vi forklarer oljefondet, handlingsregelen. Og ambivalensen. At det begynner å gå opp for det norske folk at den oljen som har gjort oss rike, også kan bli vår undergang. At vi kanskje burde velje å la rikdomen bli liggande i bakken, både av realøkonomiske grunnar og av omsyn til klimaet.

Så de har altså valet mellom å vere rike og umoralske, og fattige og moralske? spør han, økonomen. Ja! seier vi. Akkurat slik er det. Men våre japanske venner har fått inntrykk av at vi er eit føregangsland på alt frå fred og ytringsfridom til nettopp rein energi. Vi forklarer Norge som eit annleisland, eit bakvendtland, eit ja-takk-begge-deler-land. Så det er dette du skriv om? spør ho, forfattaren. Alle norske forfattarar skriv vel om denne situasjonen? Vel, seier eg, nokon gjer det da … til ein viss grad. Og tenker at det i grunnen ikkje finst så mange litterære beretningar om dette merkelege, historiske hellet som har heimsøkt vårt land. Og som har gitt oss høve til å vere eit føregangsland på så mange felt, med all den ambivalens og forvirring det fører med seg.

Så er vi ikkje heller det einaste føregangslandet som slit litt for tida. Her i Tyskland ser det ut til at den nye raudsvarte koalisjonen vil gi opp ambisjonen om å vere leiande på omlegging til grøn energi. «Die Energiewende» var ein storslått plan om å utfase atomkraft og fossile energikjelder til fordel for satsing på vind og sol. I avtalen mellom dei nye koalisjonspartnarane er denne satsinga tona kraftig ned. Dette er svært nedslåande nytt i kjølvatnet av klimatoppmøtet i Polen, der det blei det klart at vi må setje vår lit til dei få nasjonane som vil og kan. Med sin snuoperasjon skulle Tyskland vere eit lokomotiv for utviklinga mot grønare energi i Europa. No skrik det i bremser.

Derfor var 16 000 menneske ute i gatene i Berlin førre helg, for å demonstrere mot at dei grøne ambisjonane blir trappa ned. Dette er betrakteleg mange fleir enn dei som var ved Brandenburger Tor og såg den norske julegrana bli tend. Juletreet kjem frå Drøbak, og pynten frå Wintershall, Tysklands største olje- og gassprodusent. Dei har eit strategisk samarbeid med Statoil og er no ein av dei leiande aktørane på kontinentalsokkelen, under mottoet «Shaping the future». Og skapast gjer det, med ei kontinuerleg boring og drilling og pumping og utpøsing av fossil energi. Berlinarane må gjerne rope om meir sol og vind. I overskodeleg framtid er det nok likevel olje og brunkol som vil lyse opp desembermørkret for oss.

/

En annen versjon av denne artikkelen stod på trykk i Klassekampen lørdag 7. desember 2013.

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑