PAAL-HELGE HAUGEN (f. 1945) har vore ein markant poet og gjendiktar sidan midten av 60-talet. Han har også sett synlege og høyrbare spor etter seg gjennom samarbeid med ei rekke biletkunstnarar og komponistar. Siste utgivingar er diktsamlinga Kvartett 2008, og langdikta Kyst. Sør frå 2009.
Ballongbrev til Ketil Solvik-Olsen,
for avhenting innan stortingsvalget 2013
Det er så stilt her oppe.
Berre eg og du og himmel og jord
og ballongen og korga,
og så vinden, den evige vinden,
gamal som skapinga og alltid fornya,
vindens andedrag
som løfter oss og ber oss
utan vederlag, ei gåve til oss
frå verdens veldige lunge.
Her er så stilt at munnen stilnar.
Det er difor eg skriv brev til deg.
Og vi kan vel ha godt av å teie
nokon kvar av oss.
Her svevar vi stilt over det inderleg
bevaringsverdige Jæren.
Langt der ute ein skog av jern og stål
som ris opp av havet, ser du den?
Ekofisk, der den norske olja rikdomen
vart fødd. Vi er rike, Ketil.
Du er kanskje rikare enn eg, men vi er
rike båe to. Kor mykje av verden
har vi råd til å bruke, vi som har
så god råd? Kva skal vi med
ein svulmande aksjeportefølje
dersom det oppvarma oppøste havet
svulmar seg opp over bryggekantane
i Jåttåvågen, og sig inn over Jærstrendene
og oss? Fortida ligg uti havet og blir ikkje
borte. Kanskje skal den få lov til
å ligge der ei stund, medan vi
tenker oss om. Det er kanskje ikkje
så klokt å halde fram med å pantsetje
morgondagen. Den kunnskapen
du ikkje kan setje på konto i dag,
kan vere den som reddar oss i morgon.
Vi er dyktige, ufatteleg dyktige
når vi vil. Kva kan vi klare når vi må?
Vinden løfter oss igjen. Vi ser lenger
enn vi nokon gong har sett. Snart ser vi
kanskje Antarktis, ser isen smelte
framfor augo våre, raskare enn den har gjort
på tusen år. Og framleis kan vi skimte folk
der nede. Der er visst ein flokk
av dine kollegaer, dei har denne underlege
vanen at dei bevegar seg baklengs
når dei er ute og skrittar og går, sjølv om dei
har eit skilt som påstår det motsette.
Men her oppe frå ser vi det tydeleg.
Der har du ein jobb å gjere, Ketil.
Skal nokon klare å få dei til å innføre
ein annan gangart, må det vere du.
Til slutt løfter ballongen oss så høgt
at vi ser tvers gjennom tida. Vi blir
visst framsynte her oppe. Det var på tide.
For det er ikkje oss det handlar om.
Vi er lauv i vinden, snart blæs vi
bort. Eg og du er her ikkje berre
for eigen del, vi er i oppdrag for dei
som skal kome. Langt der borte
ser eg ei ung jente, lyst hår som bølgjar
i jærvinden, smilehol, eit tenksamt drag
kring munnen, den jenta skulle eg kjenne att
mellom tusen, det er tippoldebarnet mitt.
Ho står og talar med ein ung kar. Kanskje
kjenner du han, Ketil? Kom bort til kanten,
så kan du høyre kva dei seier, du òg.
Paal-Helge Haugen
Leave a Reply