Frode_Grytten_vers_2953593a

Av Frode Grytten

 

eg er den vanvettige spådomen din

eg er han som drar ørkenbåten med seg over havet

eg er han som seglar gjennom stormen 

av røyk og rust og gribbar og journalistar

eg er den rasande vandringsmannen 

eg er han som står litt ute til venstre i argentina-drakt

eg er han som stirer opp på helikopteret

der fotografen sit med sitt auge

eg er han som strekker ut hendene

som om eg var kristus

eg er ho som sit midt i båten

på styrbord side med ein gut på fanget

eg er ho du diskuterer på tv og i lunsjpausen

og i parlamentet og i kommentarfeltet

eg er ho du sleppte bomber i hovudet på i 2011

og som du no vegrar deg for å hjelpe

eg er ho du aldri vil innvilge eit morgongry

eg er ho som aldri får kvile

eg er han guten som held i ripa

heilt øvst på bildet

eg er han som har stranda alt før han strandar

eg er han som du vurderer om du skal plukke opp

fordi du er redd eg skal rasere kommuneøkonomien

eg er raudt blekk, eg er ravnens hyl

eg er den menneskelige flamme

eg er han som hiv pusten

mellom fem skotsalver

eg er ho som er nummer 3279 i statistikken din

eg er ho som river dagane ut av livmora

eg er jenta som må tåle vekta av nettene

og daganes endelause venting

eg er kvinna som blir kutta opp av

grensemaskinpistolen din

eg er guten som er på veg mot ditt

femstjerners hotell og ditt badebasseng

eg er han som ikkje kan svømme

eg er mannen som speidar etter horisontens sæd

eg er han som hører gekkoen og geita

og kaias stønning 

eg er han som flengar verda di open

eg er mannen på marsj

vi er dei tusenar som seglar igjen

vi er dei tusenar av skuggar som kjem

susande inn i mjølkevegen din

vi er dei som har reist frå denne nasjonen 

full av skrot og blod og patronhylser

vi er atten, vi er sekstiåtte, vi er fire

vi er trettito, vi er tjuesju, vi er tolv

vi har namn, vi heiter noko alle saman

vi heiter cilla og amin og aylan og hajj og mustafa

vi er tuareger vi er tutsier vi er berberar

vi er dei tusenar som seglar igjen

vi er dei som har brukt alle sparepengane for å

krysse fornufta eller hamne i ein likpose made in china

vi er dei som blir knust mot kysten din

vi er dei som hylar om vi i horisonten

oppdagar eit øyre som orkar å høre

vi er dei som er gått tom for bensin

vi er dei som bare ber om å få leve

vi er dei tusenar som seglar igjen

/

Vi takker Frode Grytten for å få publisere dette diktet som ble fremført under gårsdagens støttekonsert Dugnad for flyktningene på NRK1.

//