Skogens uro / Eivind Myklebust

Mange hadde måla ein skog. Likevel måla Edvard Munch ein furuskog.

Tre tømmerstokkar ligg i kryss over kvarandre på eit av måleria Karl Ove Knausgård har valt ut til utstillinga «Mot skogen» på Munchmuseet. Den øvste, gule tømmerstokken stikk seg ut midt i biletet. Den ligg kvista og utan bark, og dreg blikket til seg, før den fører auga våre vidare inn mellom dei stolte furene som framleis held stand. «Den gule tømmerstokken» (1912) vil oss sikkert ingenting, slik Knausgård skriv om eit anna av Munchs skogsmåleri i utstillingskatalogen: «Hvis det kommuniserer, så kommuniserer det slik som trærne kommuniserer. Uten et ord, gjennom sitt nærvær, gestaltet gjennom sin form […]. Trærne er trær, skogen er skog, og dette maleriet er et bilde av dem. Maleren som har malt det, gjør det nesten selvløst, det er som om han maler på skogens premisser».

Les mer «Skogens uro / Eivind Myklebust»

Blogg på WordPress.com.

opp ↑