
Foto: Lone Fingann Stol
Trygve Refsdals kronikk i Klassekampen 7.august blei ein augneopnar. Endeleg skjøna eg kvifor eg måtte ut av dei telemarkske skogar. I eit dalføre med storskog på begge åskantar og med hurtigveksande lauvskog i hestehagen nedfor huset og eigen skogteig like ved, enda eg sommarstid i akutt mangelsjukdom. Det gjekk greit om veten (vinteren) då vedrøyken låg lifleg over bygda. Ikkje visste eg st det var mangel på CO2 som plagde meg. Like fullt gjekk eg til mottiltak, utan å vita kor vislege desse var. Ikkje med skallen, men med denne totalt politisk ukorrekte kroppen som eg heng ilag med. Eg fekk hyrt inn Holtekarane med motorsag og vedkappar og fylt opp vedskjulet med CO2-lagra bjørk og furu. Skogteigen blei òg snøydd.

