Alt er far / Paal-Helge Haugen

 

 

Alt er far:

etter tunge isskreier, dei hòlka

lendet ut, runda det, slipte

 

Vi går i ein kvelv, eit avtrykk:

den store gjennomsiktige kuldens

negativbilete

 

Ennå i mjuke sommarkveldar

kan du ane

ein glasial pust

 

På botnen finst det tolmodige livet

lavets kodemelding

ei skrift på steintavler

som lyset les av

eller fingertuppane dine

 

Eit mønster av tid

Eit stjernebilete under handa

 

 

Lavet: sopp og alge

dei bur i kvarandre

Utan kvarandre

ville dei døy

Det er ei langsam kjærleiksakt

under oss, over alt

 

 

Reinmosens små blåseinstrument

tonar kvelden inn

For å høyre det

må du bøye kne

 

//

Vi takker Paal-Helge Haugen for diktet!

Blogg på WordPress.com.

opp ↑