Dei minste 

Knut Ødegård, Bratislava okt. 07 (1)

Av Knut Ødegård / Foto: Milan Richter

 

 

Tung av tankar etter dette seminaret

med sine dystre statistikkar for livets utsiktar

på planeten Tellus og heile solsystemet i ubalanse

kom eg køyrande i den svartglinsande jeepen min

opp mot mi li

fiksert i hugen på sure utslepp, oppskrapa

havsbotnar og ørkenar

som breider seg og sjø som

skrumpar inn og kverv lik den i Aral, urskog som døyr ut

og Arktis´ brear smeltande bort i klimakatastrofer.

Slik kom eg køyrande opp mot lia i min jeep.

 

Då såg eg brått to

maskotar ruslande langs vegen: To ørsmå

mongoloidar, dei heldt

om kvarandre med lubne

hender, ho i sitt side

skjørt, han i sine vide

bukser. Eg stansa for ikkje å køyra

over dei, rulla ned vindauga og bad dei morskt

halda seg godt ute i vegkanten. Dei lo med sine klokkerøyster

og smilte ei sol inn i meg, Herre, med desse overjordiske

augo

 

og eg høyrde det klang ut frå mine lipper stilt: Velsigna,

ja velsigna desse minste!

 

Kva er det eg seier for tøv? sa eg til meg sjølv då

munnen min heldt fram med å klinga i lysskimrande ord til desse

idiotane i vegkanten.

 

Ho sa: Det er jo våren no, sjå graset! Og der

kjem kvitveisen akkurat som stjernene som skin om natta i graset og der! der

kjem kløverblomar raude

og tunge av honning opp av jorda, og sjå sjåfør! der

løfter balderbråen seg og den blå forgløymmegei og der veks

villroser i krattet heilt inn til vegkanten vår, med rosa duft!

 

Han, den andre idioten, sa: Her er jo sol, sjåfør, som skin i graset! Det er for kyrne,

dei gjev oss mjølk av graset, du sjåfør, det er lyset som lyfter fram alt graset, lyset

som skin inne i strå og stengler.

 

Dei sa det slik, med sine vakre, runde munnar,

og eg visste då at så lenge desse to

går hand i hand og ruslar rundt på vegane her oppe i lia,

då går Tellus i sin trygge bane kring sola med sitt lys, elliptisk

som dei mongoloide augo deira, som munnane deira, som deira

hovud, trygt elliptisk ikring sola. Og då, tenkte eg idiotisk,

då kjem isbjørnane til å overleva i dei arktiske isbrear.

 

Velsigna, ja velsigna

desse minste, dei som held alt livet oppe! heldt idiotmunnen min

fram med å klinga, som glas, som lys i glas og luft.

 

-Det er fotosyntesen, sa eg.

-Er dét ein blom? song dei to med Downs syndrom i kor.

-Ja, klang det frå munnen min.

 

/

 

Knut Ødegård ble født i Molde i 1945. Han debuterte som lyriker i 1967 med samlingen Drøymaren, vandraren og kjelda. Siden debuten har han gitt ut  en rekke diktsamlinger og også virket som gjendikter, særlig fra islandsk. I tillegg har han gitt ut barne- og ungdomsbøker, dramatikk og tre fagbøker om Island. Hans foreløpig sist utgivelse er Edda IV. Heltedikt, del 2. Knut Ødegårds dikt er nå utgitt på 29 språk.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑