Grande 2 Jo straube

Foto: Jo Straube

Skal vi vinne klimakampen må vi spele på lag med marknadskreftene, meiner Trine Skei Grande. Ho er oppmoda av Forfatternes Klimaaksjon til å lese tekstar frå nettsida: eit dikt, eit essay. Ho trur på dikt for klimakampen. Men korleis står den smale litteraturen ilag med marknadskreftene, i klimasaken?

Lobbyen til Stortinget er full av folk. Først trur eg det er uvanleg mange vitjarar denne tysdagen i slutten av oktober. Når eg ser nærmare, er alle vektarar. Nesten. To andre sivilt kledde skal også møte Trine Skei Grande. Dei slepp til før meg. Ein vaksen mann og den eldre mor hans sitt med Trine Skei Grande i ein halvtime. Han har eit formidlingsbehov, og fortel henne om ein oppvekst med mobbing. «Eg kan ikkje hjelpe deg», seier Grande. Men ho merker seg historia hans, og håpar at ho kan styre politikken i ein retning som hjelper slike som han – på sikt. Realpolitikk kan begynne med å samle historiar. Korleis kan det også gjelde klimapolitikk?

«Æ e en skikkeli boknørd,» seier Trine Skei Grande ein halv time seinare. «Nørd» betyr at ikkje berre at ho kjøper mange bøker. Ho har kommersiell interesse av dei på eit anna vis: I mobiltelefonen lagrar ho bøker etter ISBN- nummer.

Grande opnar mapper i mobiltelefonen sin. Det er den varmaste dagen så langt i oktober, og Grande blar forbi 1984 av De Lillos på mobilen: forbi Schweigaards gate og Saabyes’ Beatles, og finn programmet «Collector». Der har partileiaren i Venstre lagra 4000 boktitlar etter ISBN-nummer, i eit tjuetals undermapper. Men innrømmer med ein gong: Tekstane som ho fekk tilsendt frå Forfatternes Klimaaksjon har ho ikkje hatt – eller tatt – tid til å lese.

TSG: Trine Skei Grande

MK: Mette Karlsvik

MK: Vi får snakke generelt om tilhøvet mellom litteratur og klimapolitikk. Noko av det særskilte med litteraturen, er at den viser verda sett frå kunstnarar sine standpunkt. Korleis kan det komme klimakampen til gode?

TSG: Forfattarar slår himmelen opp over oss. Dei synleggjer utfordringar. Eit døme er Brit Bildøens Sju dagar i august. Her er forteljingar om Utøya frå tjue år etter terroren, om romfolk, i ei ramme av tilfelle med ekstremt vêr. Tjue menneske druknar i ein tunell. Hovudpersonane i boka drar i middagen som dei er invitert til trass i ekstremveret, trass i tragedien. Dei aksepterer ekstremitetar som normalen. Perspektivet er det gode med boka til Bildøen, og denne undertona.

MK: Brits bok blei nesten profetisk i byrjinga av oktober. Sju menneske døydde i Cannes og Antibes grunna flaum. Berre timar etter at vêret hadde gitt var sentrum var praktisk talt rydda allereie, og så polert som var muleg. Det var viktig for Cannes å gi uttrykk for at alt fungerte som vanleg. Det var ei stor messe for TV-seriar der. «Alle» TV-selskapa var i byen, med kamera. Det ustabile ved verdsordenen, og særleg det økologiske, er noko av det Erland Kiøsterud sett ord på i essayet På trygg grunn. Kiøsterud definerer utfordringa til menneskeheita sånn: «kloden er i sørgelig tilstand» – på veg mot «et mulig økologisk sammenbrud». Han skriv også «Vi er i livet, vi er vår egen fremtid, og vi bestemmer den selv.» Som stortingspolitikar og partileiar er du med på å bestemme på større grunnlag. Partiet ditt er liberalt. Korleis er det grønt?

TSG: Viss målet med fridom er å la mennesket få forme sitt eige liv, så er klima relevant. Fridomskamp er også ein fridomskamp for kommande generasjonar. Å ta vare på klima er å gi etterkommarane rom til rørsle og til å leve det livet dei ønskjer.

MK: FN estimerte at 150 millionar menneske kan komme til å måtte flykte på grunn av klimaproblem. Kva tenkjer du om det?

TSG: Klimakampen kan óg vere det som får folk i rørsle. Det vil endre rutinane på matproduksjon, på måten land organiserer seg. Det vil vere av fundamental betydning for korleis verda blir. Det som vi ser no er berre ein bris av konsekvensane.

MK: Kiøsterud etterlyser «den tryggheten vi mennesker kan oppnå når våre tanker og overbevisninger er tuftet på solid grunn.» Med «trygg grunn» meiner han ikkje berre den fysiske grunnen, ikkje berre ein solid og fungerande økologi. Han snakkar også om informasjon og kunnskap som tryggleiksskapande. Dét er ein måte forfattarar kan delta i klimakampen. Ein annan måte er det som Ingrid Storholmen gjer i diktet Jordord. Kva tenkjer du om dei ulike måtane å bruke språket i klimakampen?

TSG: Eg treng fleire dikt. Dikt gjer dette som eg snakka om tidlegare, som er å slå himmelen opp over oss. Då eg skulle byrje ein tale, her ein dag, då måtte eg strekke meg til eit dikt av John Donne. No man is an Island. Vi er alle knytte til kvarandre. Men så kom eg til å sitere prosa også, i talen: Nick Hornbys About a boy, som byrjar med No man is an island. And I am fucking Ibiza. Det fekk eg mykje kjeft for frå folk som tykte at det er feil å banne frå talarstolen.

MK: Politikaren har også språk som verktøy. Du har sjølv vore oppteken av trontalar – som kan vere politisk språk på sitt beste: presise og til poeng. På kva måte brukar du sjølv språket for å endre verda mot noko bra?

TSG: Ein av svakheitene til oss grøne parti er det tekniske språket. Vi er praktiske, og meir hands on. Andre felt i politikken er meir verdibaserte.

MK: Må språket om klima vere praktisk?

TSG: Det er forskjell på det meir verdibaseret miljøvernet – og den konkrete klimapolitikken. Her har det vore konfliktar. Mange er for tog. Mange er i mot skinner. Vi har vore dyktigare til å snakke om det klassiske naturvernet med meir patos. Det er mange som har skrive fint om tog.

MK: Kven?

TSG: Den første som kjem meg i hug er Levi Henriksen. Han skriv fram ei glede om tog i teksta til ein låt. Eg kjem også i hug Beatles av Saabye Christensen, der han skildrar korleis huset ristar når toga går forbi. Eg bur berre meter frå togskinna, i Gamlebyen, og har ein idé om kor Kim bur.

MK: Apropos Beatles: Far til ein av kompisane er kjøpmann. Han driv ei indiesjappe som mistar kundar til Irma 1000. Konklusjonen i boka er at forbrukssamfunnet er noko drit. Eg kjem i tankar av Naomi Kleins systematiske systemkritikk: at ho stadig skuldar kapitalismen for det negative som skjer i verda. Korleis kan forbrukssamfunnet vere til det gode for klima?

TSG: Eg trur ikkje vi kan ikkje gjere noko med klimakampen før nokon gjer seg skikkeleg rik på det. Marknadsmekanismane har vore der i 8000 år. Dei fungerer som du sjølv vil bruke dei. Vi kan spele på fordeler som «den verkeleg gode maten», på den andre formen for forbruk. Det går an å ta vare på naturen og leve det gode liv.

MK: Marknaden vil sjeldan ha den litteraturen som du seier at du ønskjer meir av, altså dikt, og den smale litteraturen. Korleis kan ein vende marknaden mot meir av den avanserte og smale litteraturen?

TSG: Marknaden har desse funksjonane som vi må halde oss til. Noreg har hatt ein modig litteraturpolitikk. Vi har ein rik litteratur.

/

Foto: Tove Breistein

Mette-Karlsvik2.ashx ved Tove Breistein

Trine Skei Grande er intervjuet av Mette Karlsvik / I månedene som kommer skal vi med støtte fraFritt Ord gjennomføre intervjuserien «Menneske, klima og litteratur».  Forskere, politikere og kunstnere vil bli intervjuet om tekstene på denne nettsiden og aktuelle klimaspørsmål. Denne uken prøvde vi å få Trine Skei Grande til å lese Erland Kiøsteruds essay «På trygg grunn» og Ingrid Storholmens dikt «Jordord».

//