Søk

KLIMAAKSJON / NORWEGIAN WRITERS´CLIMATE CAMPAIGN // NWCC

Klimaaksjonen består av forfattere, kunstnere, kritikere, oversettere og journalister. Vår målsetting er forankret i Grunnlovens §112: «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.» // Norwegian Writer’s Climate Campaign will actively participate in a much needed democratic process to act against the overheating of our planet.

Einar Økland: Avfallssortering (utopi)

 

/ Foto: Terje Rudi

 

Avfallssortering
(utopi)

 

All brukt skepsis

ned i den grå restavfallsdunken.

All brukt tillit

ned i den blå papiravfallsdunken.

Alt brukt liv

ned  den brune bioavfallsdunken.

Kan det bli betre?

         Nei.

Dunktømming etter tur

tredje kvar fredag.

Nytømd dunk i retur

tredje kvar fredag.

Kan det bli betre?

         Nei.

 

Ikkje før dunkane

står heilt tomme

før  dei skal tømast,

kan det bli betre.

 

/

Einar Økland (f.1940) har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.

Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk lyrikk og poesi og vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. Siste bok: Norwegen, schönes Land (2017).

Samlaget bidrar med honorarstøtte til sine forfattere på denne nettsiden. Vi takker for dikt!

Blogg på WordPress.com.

opp ↑