Medan lyset kjem

rønnaug

Av Rønnaug Kleiva / Foto: Ingjerd Kleiva, Samlaget

 

 

Dei blå scillaene i skråninga ved kyrkjegarden vendt mot havet

Og tre bøygde av vind

 

Om alle land ligg aude

 

I Delhi hostar ein

I Beijing ser ein ikkje himmelen

I dei opplyste og klimatiserte romma elskar dei rike

I midtrabatten overlever dei fattige til dei døyr

På eit kontor sit nokon og planlegg ein ny trasé

 

Medan lyset sakte kjem, et vi frukosten vår

Vi tenkjer på eik og kristtorn, golfstraum til velsigning

Og ved polane is

Vi prisar barna og barnebarna og veit at ingen ting varer ved

Utanfor vindauget strekkjer ein raudstrupe halsen

Nebb mot nebb hakkar to fuglar på kvarandre

Vi tenkjer på framtida

 

Vil lyset vare ved?

Kan alt bli berre mørke?

Gud sveipe kappa si om kroppen og bli usynleg?

 

Ved godt vêr, midtsommars, utpå dagen, plar skodda sige inn frå

havet

 

Medan lyset kjem, ber eg for at det alltid skal vere muleg med

fotosyntese

 

/

Vi takker Rønnaug Kleiva og Verbum forlag for tillatelsen til å trykke diktet. En tidligere versjon har stått i  antologien Bibeldikt (2014).

Blogg på WordPress.com.

opp ↑