Ode til DNA-molekylet

Bjørnstad

Av Åsmund Bjørnstad

 

 

Tynt som eit hår på di isse sett frå eit fly,

eller frå romet Atlanterhavsvegen i solskin

med utstrekte bruspenn etter utstrekte bruspenn

spegla i blank sjø frå øy til øy, slik, på nanonivå,

vindar ein lysande sjøvåt tråd seg ut og så att;

 

eller i kveil på kveil  tydeleg farga som delande kromosom,

i rader snart skild til to sider i ein pavane,

ingen fridom, men alltid den rette, ein pardans

galant defilert igjen og igjen, ein renessansesal

der store gobelin på vegg etter vegg

 

fortel om hjortar, jomfruer, roser, fossile artar,

med same silketråd felt inn i vev og renning,

så ein bit av eit hår i den tina mammutens pels

kan bli PCR-formert opp frå nanonivå og forstått;

–      protein og nukleinsyrer, kor fagert er deira formers tal –

 

ein tråd – edderkoppens, den legendarisk sterke,

den ingen har klart å spinne til eit gullrend patent,

Ariadnes, som aleine leier trygt ut av labyrinten,

lagnadstråden, uventa uavvendeleg, som utan styrke

kunne Midgardsormen binde, mystisk spunnen

 

av horn ifrå bjørnen, skjegg ifrå kvinna, rota til fjellet,

støy ifrå potar, spytt ifrå fuglar, pusten til fisk –

av imaginære, men organiske stoff, liksom

dobbeltspiralen, like lett henta fram på netthinna

som Armstrongs første innpakka steg på Månen;

 

trappa ingen før hadde sett, milliardar steg

i begge retningar samtidig fortid og framtid

svimlande, lik dei 762 stega opp gjennom

kyrkjetårnet i Ulm, verdas høgste, der om du kjem ut

du ser det gotiske mønet langt der nede og regnet er sludd;

 

men ingen vindande passasje i stein, meir ein taustige

opp ei høg skipsside, bergingstauet, Jakobsstigen

der englar stig opp og ned, trapeset på sirkus

der han og ho som levande trinn mellom gyngande reip

slepper taket, grip fatt, eit tillitsspel nøye innøvd

 

under teltduken stramt bardunert, luft inne luft ute,

slik cellemembranens spente hinne skil liv ifrå død,

eit vedhaldande stoffskifte, ei elektrisk spenning

ein dag tona ut, enzyma uverksame, tråden ein floke;

–      protein og nukleinsyrer, kor fagert er deira formers tal –

 

korleis heng dei i hop, spurte McClintock fortvila

bøygd over mikroskopet med kjønnscelledelinga i muggsopp, ho

strena ut i parken, sleppte seg ned mot eit Eucalyptus-tre og lèt

tårene trille – brått såg ho, var ikkje utanfor lenger:

«Kromosoma, dei kom imot meg som vener, dei var så fagre»;

 

eller då Watson og Crick fekk sett foten på tråden,

på haletippen til den flyktande slangen, greip tak

og med Nobelpris i blikket lyfte dobbeltspiralen fram,

«Høyr her!», ropte Crick til alle på Eagles den dagen,

«Vi har funne livets hemmeleghet!»

 

og ivrige innved den første plastikkmodellen viser dei

replikasjon, og når enzyma gjer feil, mutasjon, oftast retta

eller luka av eit naturleg utvals usynlege hand – eit konstrukt

skummelt  overveldande, som Øresundbrua kryssa i skodde,

slik Dante såg Satan i vindmølla, hans tids high tech;

 

så tenk då, før havet ditt mørknar og garnfestet raknar,

før tauet ditt ryk og bøtta forsvinn ned i brønnen, at du,

som ein gong rørte ditt nyfødde barn så tråden

vinda seg ut slik den venta, ein elektrisk impuls

tradert ifrå Adam, frå fingertupp til utstrekt fingertupp –

 

held i ein annan slags tråd, ein sølvrenning i gobelinet,

den vedhaldande tonen til Pärt monotont variert,

halden av fortid, ja vel, men óg av ei framtid,

ein vev sett frå vranga? – protein og nukleinsyrer,

kor fagert er deira formers tal –

 

                                                                Åsmund Bjørnstad

/

Vi takker Åsmund Bjørnstad for diktet!

Blogg på WordPress.com.

opp ↑