Oktober

riise-charlotte_foto-augon-johnsen

Av Charlotte Riise / Foto: Augon Johnsen

 

I
Sol og tjue grader, ein kveps
slikkar til seg gamal saft
i eit glas. Eg løper
gjennom skogen og årstidene. Frå garden
ser eg nysnøen smelte i fjella.

Eg bur i eit privilegert univers,
eg får eit namn og ein dato
å høyre til. Ein heil kropp.

Husa og bilane rykker stadig
nærmare. Eg er ikkje aleine
på jorda, men blikket mitt er
ikkje her. Insekt og fluer
samlar seg over auga, som smuss.

 

II
Ein hjort står på marka
bortkomen og konsekvenslaus.
Eg held siktet opp
ei forlenging av nåden. Vinden
endrar retning, dyret snur seg

og har lukta meg. Vi pustar saman
eit sekund før eg dreg
i avtrekkaren.

Fullmåne og halvmåne.
Ein måne utan bløding. Eg tek
eit liv utan å gi eit tilbake.

 

III
Elva brusar. Kan eg høyre henne
mot husveggane, er det
tida og steinane som rasar ut?

Det kvite skummet gjennom
laftene. Eg held hendene
om vasstraumen, men dei brenn framleis.

//

Charlotte Riise er født i Ålesund i 1987. Hun debuterte i 2012 med Eg treng tid til å sakne deg, og i 2016 kom hennes andre diktbok, Der vi gøymer løyndommar, begge på Gyldendal, som bidrar med honorarstøtte til sine forfattere på denne nettsiden. Vi takker for dikt!

Blogg på WordPress.com.

opp ↑