Vond vind
vaknar så tidleg
av ein vind som hyler
og uler og pistrar og
pirkar isen på nordpolen
smeltar
isbjørnen og
pandaen tigeren og
gaupa, alle skal dei
visst bli borte
og no denne arge vinden
han legg skuldra mot
huset og hjartet mitt
vil inn inn inn
*
Villvinter
no skulle snø så rein
leggje seg over gater og
grus, over bakkar og
berg og ball i busk
men ute er
stjernestøvet for lengst
borte
det regnar og
blæs så varmt og
vått
slik var det ikkje
før i tida, seier
pappa
nei, noko er annleis
no seier mamma
og orda
hennar hektar
ei ny klo i
hjartet mitt
//
Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikerroste diktsamlingen Store stygge dikt i 2005. I 2013 fikk hun Brageprisen for diktsamlingen Urd. Hun har skrevet fire bøker i småbarnserien om Mari og Magnus. Eg er eg er eg er er den første diktsamlingen hennes for barn. Ruth Lillegraven er fra Hardanger og bor nå i Bærum. Vi takker forfatteren, og Samlaget, for lov til å publisere disse diktene fra Eg er eg er eg er.