
Av Jon Fosse
I
Ein opnande vind
og ei togn
som vinden lèt falla
ned over tankar
ned over kjensler
og frå togna spreier
eit skjønande syn seg
utetter og innetter
II
og tid og tid vert eitt
vert til tid i tid
slik stad og stad
vert eitt
som stad i stad
III
og eit no kan sjåast
usynleg synleg
og alt som er
også du
er berre eit no
stort som himmel og hav
i eitt
i eitt einaste
det eine
//
Vi takker Jon Fosse for diktet som her publiseres for første gang. / Samlaget bidrar med honorarstøtte til forlagets forfattere på denne nettsiden.