Av Sindre Ekrheim
«Dei ulike omverdene legg seg som konsentriske sirklar utanpå kvarandre, spreiar seg ut frå eit felles sentrum: Staden det er mogleg å leve».
Diktet «Bruk og misbruk av Klippeblåvingen (scolitantides orion)» av Inger Elisabeth Hansen står i diktboka Å resirkulere lengselen, avrenning foregår som blei løna med Kritikarprisen i 2016. Diktboka inneheld ymse dikt, kunne ein nok seie, men dikta er òg forbundne med eit indre naudsyn, eit indre natursyn, iallfall om ein ser at perspektiva i diktboka samlar seg i eit særleg brennpunkt: fordrivinga. Klippeblåvingen er eit prisme for denne fordrivande figuren som forgreinar seg på kryss og tvers i teksten og i boka.

