Av Sindre Ekrheim
«Dei ulike omverdene legg seg som konsentriske sirklar utanpå kvarandre, spreiar seg ut frå eit felles sentrum: Staden det er mogleg å leve».
Diktet «Bruk og misbruk av Klippeblåvingen (scolitantides orion)» av Inger Elisabeth Hansen står i diktboka Å resirkulere lengselen, avrenning foregår som blei løna med Kritikarprisen i 2016. Diktboka inneheld ymse dikt, kunne ein nok seie, men dikta er òg forbundne med eit indre naudsyn, eit indre natursyn, iallfall om ein ser at perspektiva i diktboka samlar seg i eit særleg brennpunkt: fordrivinga. Klippeblåvingen er eit prisme for denne fordrivande figuren som forgreinar seg på kryss og tvers i teksten og i boka.
Diktet påkallar sommarfuglen Klippeblåvingen og hans sterkt kriseprega tilstand. Diktet reflekterer over seg sjølv, og samstundes over kva som skjer med omverda. Ikkje minst handlar det om bruk av språk og ord, inkludert i poesien.
/Den instrumentelle bruken av språket
Økokritikken angrip det instrumentelle synet på plantar, dyr og insekt. Organismane og plantane har ein verdi i seg sjølv. Viss ein kommuniserer og formulerer bodskapar, nyttar ein språket instrumentelt, berre som eit middel. Har då språket verdi i seg sjølv. Må eit økokritisk dikt forkaste den instrumentelle bruken av språket. Korleis bruker diktet språket.
Ein hammar er ikkje berre ein reiskap, han kan også trekkjast or brukssamanhengen. På same vis er heller ikkje eit ord berre ein reiskap. Ei innlysande grense for bruken og misbruken av ein reiskap finst når bruken antek destruktive proporsjonar: Slår ein hammaren så hardt at hammaren vert øydelagd, fungerer ikkje hammaren lenger. Det er òg ei øydelegging på gong når ein slår så hardt at ein knuser treverket ein freistar å bygge noko med. Ein hammar som ikkje treffer, vil også kunne føre til sideskader.
I det nemnde diktet er det opplysande å halde frå kvarandre den konkrete, reelle sommarfuglen, namnet Klippeblåvingen, og det komplekse og flakkande biletet av sommarfuglens flukt diktet skriv fram. Ingen, så vidt eg veit, har nytta Klippeblåvingen til noko som helst, kanskje bortsett frå insektsamlarar. Konkret fanst han i naturen, no er han truga, og han har aldri gjort noko særleg utav seg: «du som fantes i det stille, / du som i det stille ble fordrevet av arealpolitikken», «fornuftig i fargene, kamuflert i det svabergbrune / kamuflert i det hildringsblå, nesten uten en egen farge i ditt eie, / lett å overse».
/Diktmiljø og livsmiljø
Det eine namnet sommarfuglen har, Klippeblåvingen, knyt han til miljøet der den lever, til klippane, svaberga og til sjøen. Ein stad les eg at denne sommarfuglen er særleg habitatømfintleg, og difor er namnet på insektet sjølvsagt ekstra velvald. Ja, så sterkt bunden til livsmiljøet er Klippeblåvingen at insektkroppen hans speglar omgjevnadane.
Klippeblåvingen er eit insekt der kvart eksemplar altså lever og verkar i ei spesifikk og avgrensa omverd. Men diktet om Klippeblåvingen gjer jo det motsette, det utvidar seg, stig og stig gjennom sfærane, og mot slutten av diktet, heilt opp til stjernebiletet Orion. Det verkar som diktet transporterer og sender det vesle insektet frå ein heimleg situasjon og lukt inn i det fjerne makrokosmos og etterlet det der, på grensa til det ytre rommet.
«Hva skulle den gjøre der?» spør diktet. Spørsmålet kjem til slutt, i fortidsform. Har utdrivinga av sommarfuglen skjedd for lengst? Utdrivinga har opphav i det andre namnet som finst på denne sommarfuglen, det vitskaplege namnet scolitantides orion. Den vitskaplege namngjevinga har rive han or habitatet, og sendt den til stjernebiletet Orion, ut til planetane. Dei vitskaplege namna er strengt ordna, i artar, underartar, hierarki, system. Sommarfuglen er innskriven i og underlagd ein menneskeleg, vitskapleg og ordnande taksonomi. Utdrivinga ligg latent i det latinske namnet.
Diktet fangar også inn ein politisk eller byråkratisk ordbruk, der orda blir til lov og rettsleg røynd: «du skal ikke til Orion, / du blir satt under særskilt beskyttelse / og tildelt et habitat mellom hytter og hus ved havet». 20. mai 2011 vert ei av dei venare titulerte føresegnene i det norske lovverket forkynt: Forskrift om klippeblåvinge. Namnet på føresegna kling absurd vent, som om det var tittelen på eller ei line sitert direkte frå eit dikt. Det kan høyrast ut som verkeleggjeringa av ein utopisk draum. Eller som ei utsegn som understrekar maktas trong til stadig å leggje under seg område der ingen politisk eller byråkratisk-administrativ makt kan utøvast, som berre demonstrerer at det er fånyttes å direkteregulere livet til den virrande sommarfuglen. Ein freistnad på å unngå undergangen, berre så altfor seint, ved hjelp av dei same middel som har kalla han fram, utan å gripe fatt i dei større menneskeskapte strukturane som kjem til å fordrive atter andre arter.
/Diktet lyftar sjølv sommarfuglen ut or omverda til sommarfuglen
Diktet lyftar sjølv sommarfuglen ut or omverda til sommarfuglen, nett som insektgranskaren gjer når han studerer han: «nå når du blir løftet fram og belyst på vei ut». Held diktet fram Klippeblåvingen som eit eksempel på den menneskeskapte naturøydelegginga? Eit eksempel er eit førebilete eller mønster. I den antikke litteraturen vert det vist til historiske heltar og mytologiske handlingar som eksempel til etterfølging, for å overtyde om ei sak eller åtvare om noko. Som eit eksemplar av ein truga insektart er Klippeblåvingen i diktet eit eksempel på noko som hender i naturen i forminka form, ei lita rørsle som vitnar om ei mykje større øydeleggjande rørsle. Diktet monterer sommarfuglen saman med kosmos for å syne desse konsekvensane. Men Klippeblåvingen er korkje eksempel til etterfølging eller eit skrekkens eksempel. Klippeblåvingen er uskuldig, i ferd med å forsvinne, «gjennomlyst av din egen forsvinning som en stjerne slokna».
By Syrio / Wikimedia commons
Det finst fleire eksempeldikt i boka. Ta diktet om korallen, «Rapport fra forsuringa av lophelia i korallene utenfor Fredrikstad». Igjen er det omverda som er iferd med å tapast. At det òg finst eit dikt vigd Æsop og fablane hans verkar slett ikkje tilfeldig. Fabelen står i same moralske tradisjon som eksempellitteraturen. Fabelen er ei forteljing som formidlar ei allmenngyldig sanning eller ein leveregel. Aktørane i fablane er ofte dyr, gudar eller livlause gjenstandar – og desse vert sett i situasjonar som kastar lys over menneskelivet og moralen. Dyra vert brukt i Æsops fabel, og slik Klippeblåvingen vert brukt i diktet til Inger Elisabeth Hansen, for å lære menneska korleis dei skal te seg, eller ikkje, menneske i mellom, i forhold til seg sjølv, i høve til naturen. Slik Klippeblåvingen brukar omverda, i og med at kroppen hans reflekterer fargane til livsmiljøet der han lever.
Ein kunne jo tenkje seg at den rette, naturforsvarlege bruksmåten hadde vore å pledere for eit forbod mot å nytte dyre-, plante- og insektnamn i poesien, ja naturnamn i det heile tatt, for ikkje å utsetje naturen for eit forsterka press. Naivt tenkt kunne jo diktet, som aksentuerar kor sjeldan Klippeblåvingen er, til dømes oppmuntre insektsamlarar til jakt på denne utdøyande sommarfuglen.
/Ei fordriving av ordet frå området der det høyrer til?
Bruken poeten eksplisitt snakkar om, er bruken av ord i form av lån, og som farkost: «la meg få låne deg, jeg vil låne deg, Klippeblåvinge». Og i neste strofe: «la meg få bruke deg som farkost / la meg få gi deg en gammel kaptein». Når ein lånar noko, leverer ein det etter kutymen attende i same stand. Ein slik bruk er ein berekraftig bruk. Når ein flyplass vert anlagd, eller «hytter og hus» bygd ved havet, er det ein bruk av landskapet som forandrar landskapet og omverda for alltid. Klippeblåvingen låner òg av omverda, ved at han lever der og ved at omverda vert reflektert fysisk, i kroppen hans, han overfører omverd til seg sjølv og reflekterer ho. Det som kjenneteiknar poesien sitt tilhøve til orda, er at poesien låner, flyttar og transporterer orda frå eit område inn i andre, for å vekke søvande tydingar eller generere ny tyding, å gi orda vengjer, som det heiter. Dette gjer poesien ved hjelp av samanlikningar og metaforar. Og rørsla liknar jo til forveksling på ei fordriving av ordet frå området der det høyrer til, nett som det Klippeblåvingen vert utsett for. Det finst ei omsetting av metafor som seier at ordet tydar «lån»: Metaforen låner eit omgrep frå området der det høyrer heime. Og når ein låner, leverer ein tilbake, til området der det høyrer heime. Og i røynda er det også slik at metaforen, til liks med samanlikninga, er reversibel, han etablerer ein vekselverknad, han oscillerer, mellom førestillingsområda. Slik representerer ikkje den poetiske språkbruken ei øydelegging av objektet eller språket, men den vinn innsikt og driv fram det vene.
Den amerikanske poeten Ezra Pound (1885-1972) forakta i poetisk samanheng dei abstrakte omgrepa fordi dei gjorde dikta vage. Løysinga var å omsetje abstraktane til ei (konstruert) biletskrift med utgangspunkt i det konkrete. Faren med ein slik språkaskese er at ein erstattar autoritære strukturar med nye. Sjølv om Pound kjempa mot poetisk utydelegheit, dreiv den imagistiske poesien likevel språket i éi bestemt retning. I staden for ei poundsk språkreinsing, skjer det hos Hansen ei samankopling av språket til poesien med språket til vitskapen, for så vidt òg med ei rekkje andre språkfelt. I staden for at desse språka vert rangerte, til dømes med det vitskaplege eller det spesifikt poetiske trumferande på toppen i hierarkiet, finn ein i dikta til Hansen ei likestilling av ulike språkformer. Ulike nivå av retorikk og saklegheit samverkar, utan at dei naudsynlegvis går opp i ein høgare einskap eller syntese.
Omverder og utdrivinga frå desse forgreinar seg i dikta. Omverda til diktet består av dei andre dikta i boka, av poesitradisjonen, språket, lesarane og lesaren sine sosiale og materielle omverder. Dei ulike omverdene legg seg som konsentriske sirklar utanpå kvarandre, spreiar seg ut frå eit felles sentrum: Staden det er mogleg å leve. Ei omverd kan ikkje privilegerast på kostnad av andre. Poeten Inger Elisabeth Hansen brukar orda slik at dei ikkje berre påkallar Klippeblåvingens omverd, men også andre omverder, moglege og umoglege.
/ Dikt speglar seg i dikt
Hovudemna som stikk seg fram i diktboka, i tillegg til det økologiske, ligg tilsynelatande fjernt frå den fordrivne sommarfuglen frå Iddefjorden. Det finst dikt om kart, navigasjon. Det finst dikt om krigane i Midt-Austen og flyktningkrisa. Krigane og migrasjonsstraumen er, saman med den økologiske krisa, namn på dei omfattande og djupe krisetilstandane som rir verda. Krigane peikar direkte på øydelegginga av den nære omverda, med menneske, infrastrukturar, samtidige og historiske. Den økologiske krisa syner attende på dei langsamtverkande øydeleggingsfaktorane. Krigen er eit symptom på ei djup konflikt mellom natur og kultur. Krigens teknologiar er ein del av det sivilisatoriske framsteget. Framsteget, vitskapen, teknologiane og kapitalismen har openberra ein ibuande motsetnad, som om framsteget vender seg mot seg sjølv, og no står fram som øydeleggjande katastrofekrefter.
Så iblant lurar eg på om sekvensar i eit dikt, speglar og reflekterer seg i andre dikt. Diktet «Navigasjon uten stjerner. Om retten til uskyldig ferdsel på Mare Liberum. Instruks:», som tilsynelatande handlar om noko spesifikt, handlar djupast sett også om noko anna. Dikta i boka delar noko, ei rørsle. Det finst parallellar. Det finst eit samband mellom flyktningkrisas utdriving og Klippeblåvingens utdriving, som kanskje ikkje vert eksplisitt påtala, men er meir ein konsekvens av ordvala, forma og utseiemåtane, kompliserte samanhengar av samverknad og påverknad. Det som på eit nivå skildrar flyktningens skrekksituasjon i Middelhavet her og no, er på eit anna nivå ei skildring av naturens og jordas tilstand, sett ifrå det verkeleg lange perspektivet, den geologiske tida. Eg skal forklare meir, men først litt frå diktet:
husk at du befinner deg på et alminnelig voksende kart i en gammel lærebok,
på kartet du ikke befinner deg, befinner du deg ikke
dette er kartet for den som befant seg og ikke befinner seg lenger
dette er kartet for det voksende mørket, mørket som vokser og driver
stjernene fra hverande
Her rører diktsekvensen seg frå kartet – eller det kartet som veks og ikkje verkar å stemme med terrenget – til stjernene, til dei sløkte stjernene, til eit altomfattande mørke. Sjølv om diktet påkallar eit du som er «innelåst under dekk», i mørket, som ein båtflyktning, påkallar diktet samstundes bakgrunnar av erobring, ekspansjon, utbytting og herredøme. Kartet står for oppdagingar, erobringar, for mennesket som breier ut sitt herredøme over verda og naturen ved hjelp av vitskapen, teknologien og kapitalismen. Men kartet over omverda fungerer ikkje lenger. Det fungerer ikkje for flyktningane, som vert drivne på flukt og møter stengde grenser. Kartet fungerer ikkje på naturen lenger. Dei menneskeskapte naturtransformasjonane er moglege å lese av i jordskorpa, i geologien, i den saktegåande tida. Fordi mennesket har blitt så djupt vikla inn i naturen at korkje naturen eller det menneskelege let seg skilje frå einannan, står den gamle filosofiske polariseringa mellom natur og kultur for fall, og mennesket, til liks med dyra og plantane, mister si utside, si omverd.
/Sjølvrefleksjon er å vere i runddansen
I Tone Hødnebøs diktbok Nytte og utførte gjerninger finst ei setning som går slik: «Jeg leter etter en setning / som kan snu verden inn mot verden». Kva tydar den? Om ein reformulerer Hødnebøs setning, om ein seier ein leiter etter ei setning som snur diktet inn mot diktet, som snur Klippeblåvingen inn mot Klippeblåvingen, som snur subjektet inn mot subjektet, då verkar setninga som å gi eit bod på sjølvrefleksjonen, eit bod om å finne ei setning som gjer at ein møter seg sjølv i døra, som let det demre for ein kor ein er, kor verda er, no. Hødnebø har funne setninga ho leiter etter, Hødnebø har formulert formelen for sjølvrefleksjon, som inneber ei ustoppeleg leiting etter formelen ho allereie har funne og formulert. Det er som setninga går i ring rundt seg sjølv og bit seg sjølv i halen. Sjølvrefleksjon er å vere i runddansen, i den pågåande utvekslinga med seg sjølv og omverda.
«Brukte jeg Klippeblåvingen som en farkost for lengselen min?», spør diktet, på vegner av seg sjølv og poesien. Har denne lesinga kome i skade for å drive diktet ut or diktet, språket ut or dei sosiale og materielle omverdene der det høyrer heime. Korleis få diktet tilbake til diktet? Ein må vende attende til diktet. Det er å vende diktet mot seg sjølv og vende seg sjølv i diktet og vende diktet mot verda.
//
Det fjerde essayet i vår skandinaviske kritikeraksjon er skrevet av Sindre Ekrheim – kritiker i Bergens Tidende og sjølv poet. / Vi har servert deltakerne følgende tankestillere: Kan lesning av sakprosa, romaner, noveller og dikt endre, motivere eller mobilisere leserne til en ny forståelse av de dramatiske naturhistoriske hendelsene? Hva er den sosiale funksjonen til kunst, film og litteratur i 2016? Siden det forlengst har oppstått litteraturer som «økopoesi» og cli-fi undrer vi på om klimalitteraturen påvirker både lesere, kritikere og forfattere? Hvordan mottar kritikerne denne litteraturen i sine respektive hjemland? Hva er litteraturens egenart når det kommer til fremstillingen av menneske og natur? Litteraturkritikerne ble oppfordret til fri utfoldelse innenfor slike tematiske grenseoppganger. Essay-serien er støttet av Fritt Ord og Bergesenstiftelsen.