Sikt, sjikt, dikt av Randi Nygård

Om ein ser på orda kostyme og nasjonal geografi i ordboka, så tyder kostyme drakt og geografi vitskapen om jordoverflata og forholda der. Og drakt har med kor mykje ein kan bæra å gjera. Kor mykje kan vi og jordoverflata bæra?

På tysk liknar orda for ansikt, historie og dikt på kvarandre, Gesicht, Geschichte, Gedicht. Om ein tek vekk forstavinga ‘ge-‘ så står ein igjen med sicht, schichte, dicht, altså sikt, sjikt og tett. Ordet dikt har med fortetting å gjera. Den tyske filosofen Husserl skriv at augeblinken vi menneskjer oppfattar er ei slik fortetting av inntrykk. Det varer lenge nok til at ting heng saman for oss og kort nok til at vi får kontakt med det som skjer framfor oss. Vi ser rørsler som kontinuerlege og ikkje oppdelte, sjølv om vi blinkar. Vi har innebygde tempo som er knytt til korleis vi opplever omverda. Ein trur at dyr kan oppfatta augeblinken som både mykje raskare og saktare enn oss.

(For English, please scroll down)

Les mer «Sikt, sjikt, dikt av Randi Nygård»

Blogg på WordPress.com.

opp ↑