Kristus, korsfesta på ny

/ Rosso Fiorentino (1494-1540): Deposizione

Av Eivind Myklebust

I «Livets oppstandelse»brukte Nikos Kazantzakis påskebodskapen til å dramatisere spennet mellom personleg moral og politisk handling.

 I nokre veker eller månadar under flyktningkrisa i 2015 var det som om gapet mellom haldningane og handlingane våre var i ferd med å trekke seg saman. Verkelegheita ute i verda kom brått veldig nær, og den verka å ville tvinge oss til å ta stilling med det vi gjorde, ikkje berre med det vi sa. Eg hugsar opprørte samtalar rundt godt dekte middagsbord, i varme leilegheiter og hus, om kva krisa kunne føre med seg dei neste månadane og åra. No skulle vi verkeleg få prøvd oss, vi som hadde snakka om at ein ikkje kan avvise menneske i naud, at vi ikkje kunne vise bort dei som leid, men måtte ta lidinga inn for å lette den. Når nauda nærma seg, måtte grensene opnast. Men kva med våre eigne hus, våre eigne liv? Var vi klare til å sleppe dei fattige framande heilt inn dit?

Ein kan vel seie at vi slapp med skrekken. I alle fall at vi utplasserte skrekken, til europeiske utpostar på øyer som Lesbos og Lampedusa og til såkalla nærområde, eller fjernområde, som dei jo er for oss. Geografiske grenser skjerma oss for den moralske prøva, og tilbake sat vi, i alle fall dei fleste av oss, med gode, men uprøvde ideal.

Les mer «Kristus, korsfesta på ny»

Blogg på WordPress.com.

opp ↑