/ Rosso Fiorentino (1494-1540): Deposizione
Av Eivind Myklebust
I «Livets oppstandelse»brukte Nikos Kazantzakis påskebodskapen til å dramatisere spennet mellom personleg moral og politisk handling.
I nokre veker eller månadar under flyktningkrisa i 2015 var det som om gapet mellom haldningane og handlingane våre var i ferd med å trekke seg saman. Verkelegheita ute i verda kom brått veldig nær, og den verka å ville tvinge oss til å ta stilling med det vi gjorde, ikkje berre med det vi sa. Eg hugsar opprørte samtalar rundt godt dekte middagsbord, i varme leilegheiter og hus, om kva krisa kunne føre med seg dei neste månadane og åra. No skulle vi verkeleg få prøvd oss, vi som hadde snakka om at ein ikkje kan avvise menneske i naud, at vi ikkje kunne vise bort dei som leid, men måtte ta lidinga inn for å lette den. Når nauda nærma seg, måtte grensene opnast. Men kva med våre eigne hus, våre eigne liv? Var vi klare til å sleppe dei fattige framande heilt inn dit?
Ein kan vel seie at vi slapp med skrekken. I alle fall at vi utplasserte skrekken, til europeiske utpostar på øyer som Lesbos og Lampedusa og til såkalla nærområde, eller fjernområde, som dei jo er for oss. Geografiske grenser skjerma oss for den moralske prøva, og tilbake sat vi, i alle fall dei fleste av oss, med gode, men uprøvde ideal.
I romanen «Livets oppstandelse» (1948) brukar den greske forfattaren Nikos Kazantzakis eit pasjonsspel – eit religiøst spel om korsfestinga av Kristus – til å dramatisere dette gapet mellom haldningar og handlingar, i enkeltmennesket og i samfunnet. Romanen utspelar seg i 1921, i ein liten gresk landsby som er okkupert av tyrkarane. Den tyrkiske agaen – ein slags lokal høvding under det ottomanske riket – er overhovud for folket i Likovrisi, og han gir landsbybuarane lov til å setje opp pasjonsspelet, der dei sjølve skal spele alle rollene.
PASJONSSPEL OG FLYKTNINGAR
Romanen opnar i påska, nøyaktig eitt år før det tradisjonsrike spelet skal setjast opp. Det er ikkje berre fred og gaman mellom grekarane og tyrkarane, men det herskar like fullt ein tilstand av stillstand. Folket drøymer framleis om frigjering, men har slått seg til tols med okkupasjonen enn så lenge. I Likovrisi bur det stort sett fattige bønder og arbeidsfolk, men også nokre gamle greske rådsmenn, under åndeleg leiing av presten Grigoris. Dei er mest opptekne av å halde ro og orden i landsbyen.
I opninga deler Grigoris og rådsmennene ut rollene til pasjonsspelet, og landsbybuarane byrjar å førebu seg, dei øver og prøver å leve seg inn dei nye rollene sine. Den unge gjetaren Manolios får tillit til å spele Jesus, og rolla blir mest som eit kall for han. Manolios er trulova, men får skruplar med å gifte seg lukkeleg samstundes som han skal spele ut Jesu lidingar: «Jeg har gitt mitt ord. Mitt legeme er ikke mitt lenger, det tilhører Kristus.»
Så blir førebuingane til pasjonsspelet forstyrra av ein flokk flyktningar som kjem til landsbyen. Dei kjem frå ein annan gresk landsby som har blitt angripe av tyrkarane, og ber folket i Likovrisi om hjelp. Brått blir bodskapen frå Jesus svært aktuell og reell for landsbybuarane, som blir konfronterte med si eiga tru og sine eigne ideal: Om dei skal spele ut historia om Kristi korsfesting, om syndene han tok på seg for å frelse menneska frå det vonde, må dei vel ta innover seg bodskapen han forkynte til menneska før han døydde på krossen? Særleg for Manolios og dei andre som skal spele apostlane i pasjonsspelet, melder spørsmålet seg: Kva er desse orda verdt, om dei ikkje fører til handling?
KONTROVERS
«Livets oppstandelse» er den sterkaste, men ikkje den mest kjende romanen Kazantzakis har skrive om Jesus. Nokre år seinare skreiv han nemleg «Jesu siste fristelse» (1951), som i si tid blei svartelista av Vatikanet og møtte mykje motstand i den kristne verda. Krefter i den gresk-ortodokse kyrkja prøvde å få han ekskommunisert, først utan å lukkast med det, men då han døydde i 1957, fekk dei stelt i stand ei slags bannlysing post mortem: Dei nekta å la Kazantzakis bli gravlagd på ein vanleg kyrkjegard i Aten, og han blei difor frakta til heimøya Kreta, der han er gravlagd i ein park innanfor bymurane på fødestaden Heraklion. Den kristenkonservative verda var framleis ikkje klar for Kazantzakis då den amerikanske regissøren Martin Scorsese filmatiserte «Jesu siste fristelse» i 1988. Filmen blei boikotta av kristenfundamentalistar i heile verda. I USA ville dei brenne filmrullane, medan ei gruppe katolske ekstremistar i Paris faktisk sette fyr på ein kino under ei visning av filmen. Kinoen blei øydelagd og 13 personar alvorleg skada.
Forteljinga ligg rett nok ganske tett på evangelia, men gjennomgåande er det dei menneskelege sidene ved Jesus som er løfta fram – frykta han kjenner, og freistingane han møter, alt det rådville og veike i han.
Kontroversane knytte seg til Kazantzakis’, og seinare Scorseses, avvik frå evangelia i framstillinga si av Kristi lidingshistorie. Forteljinga ligg rett nok ganske tett på evangelia, men gjennomgåande er det dei menneskelege sidene ved Jesus som er løfta fram – frykta han kjenner, og freistingane han møter, alt det rådville og veike i han. Mest kontroversielle var scenene der Jesus, i nærast hallusinatoriske draumesekvensar medan han heng på krossen, ser føre seg at han giftar seg med Maria Magdalena, og at ekteskapet blir fullbyrda – i Scorseses film for open scene.
Også «Livets oppstandelse» er filmatisert, med mindre kontrovers, men like stor filmatisk suksess, av Jules Dassin, den amerikanske regissøren som blei svartelista i Hollywood under mccarthyismen og måtte flytte til Frankrike for å lage filmane sine. Filmen «Celui qui doit mourir» («Han som må døy») hadde premiere på Cannes-festivalen i 1957 og er ei kraftfull og interessant fortolking av Kazantzakis’ roman, ikkje minst fordi filmen på same tid overdriv og underspelar det politiske i romanen.
MENNESKELEGE MÅL
I filmen, som i romanen, blir flyktningane avviste og viste bort frå landsbyen, fordi rådsmennene, i frykt for posisjonane og privilegia sine, diktar opp at flyktningane har pest og kolera. Dei får landsbybuarane til å vende seg mot flyktningane, som under leiing av presten Fotis slår seg ned på ei fjellhøgde utanfor landsbyen. Nærværet til flyktningane er merkbart nede i landsbyen, og Manolios og apostlane hans prøver å få landsbybuarane til å forstå at dei må forbarme seg over dei fattige. Når dei slår seg saman med Fotis og flyktningane, skuldar presten Grigoris dei for å «bygge luftslott» og ha urealistiske ideal: «Vi er ikke guder, vi er mennesker, du må bruke menneskelige mål.»
Men nettopp «menneskelige mål» er kjernen i Manolios og Fotis sin frigjeringsteologi: «Det er bare på jorden mennesket kan ta sats og komme opp i himmelen», seier Fotis. Kjærleiken til Gud kan ein berre vise gjennom kjærleiken til menneska, legg Manolios til. Men det som kjenneteiknar dei kristne, er nettopp at dei trur på ei anna og betre verd. Manolios vil verkeleggjere Jesu bodskap på jorda, gjere ord til gjerning. Han tek side med dei fattige mot dei rike, og set i stand eit opprør mot rådsmennene. Grigoris og gjengen svarar då med å bannlyse dei frå landsbyen og stemple dei som «bolsjeviker» og «moskovitter».
«EN NY VERDEN»
I Dassins filmatisering blir ikkje ord som «bolsjevik» og «moskovitt» brukt. Kazantzakis var tidleg ein tilhengjar av Lenin, men seinare desillusjonert av Stalin, og etter den andre verdskrigen leia han eit ikkje-kommunistisk sosialistparti i Hellas – i ein kort periode var han endåtil minister utan portefølje i den greske regjeringa. I romanen går det nokre trådar mellom kristendom og kommunisme, og presten Fotis lyder mest som ein kommunist i geistlege gevant når han talar på sitt mest oppglødde: «Nå vil vi jevne ut alt […] det finnes ikke mitt og ditt lenger, ingen gjerder og låser og pengekister: Her skal vi arbeide og spise oss mette alle sammen. Hver og en skal gjøre hva han kan, så meget han kan […] I fellesskap skal vi grunnlegge en ny verden!» Først og fremst har likevel romanen ein brodd mot anti-kommunismen, mot brennmerkinga av politisk aktivisme, og mot motviljen til forandring som herskar i det etablerte.
Sjølv om Kazantzakis var uttalt ikkje-kommunistisk sosialist, blei han resten av livet skulda for å vere bolsjevik og sovjetisk agent – samstundes som kommunistparti i Sovjet og andre stadar skulda han for å vere borgarleg og liberal. Når Dassin, som altså hadde liknande erfaringar frå McCarthy-tida i USA, laga film av Kazantzakis’ roman, valde han likevel å fjerne desse orda, og dermed dei anti-kommunistiske spora som rådsmennene legg ut i romanen. Det er både merkeleg og interessant, og ei forklaring kan ligge i slutten på filmen, som skil seg frå slutten på Kazantzakis roman.
Han har stole og myrda, er bolsjevik og moskovitt, terrorist og ein fare for staten. Folket er derimot uskuldige, og han ber om forlating for dei.
Det lid mot juletid i slutten av romanen, mot tidspunktet for Jesu fødsel, og på juledag ofrar Manolios seg for folket sitt og flyktningane. Presten Fotis har tala og overtala Manolios og dei andre om at vald er nødvendig i opprøret, at Jesus ikkje berre var eit lam, men også ei løve. Manolios har stått for prinsippet om ikkje-vald, og halde seg fredeleg og tilbakehalden i striden. Likevel står han fram for agaen og tek på seg dei falske skuldingane som blir retta mot han. Det er han som har eggja til vald og manipulert folket til å yte motstand, seier han. Han har stole og myrda, er bolsjevik og moskovitt, terrorist og ein fare for staten. Folket er derimot uskuldige, og han ber om forlating for dei. Til liks med Jesus lèt han seg drepe for syndene deira. «Forgjeves, forgjeves, Kristos», ropar Fotis: «Det er nesten to tusen år siden, og fremdeles … fremdeles korsfester de deg. Når skal du fødes for ikke mer å bli korsfestet, Kristos; for å leve evig mellom oss.» Fotis og flyktningane må flykte vidare i slutten av Kazantzakis’ roman. Då nærmar det seg 1922, det siste, valdelege året i den gresk-tyrkiske krigen, med massakrar og utreinskingar av den greske minoriteten i Anatolia.
RADIKAL FORANDRING
Også i Dassins film blir Manolios drepen, men her kjempar folket og flyktningane til siste slutt. I siste scene er geværa framleis heva og retta mot motstandarane – og mot kamera. Dassin gjer Kazantzakis’ forteljing til ei likning om opprør og revolusjon, og han gir difor ikkje plass til historisk konkrete ord som «bolsjevik» og «moskovitt». Filmen har ikkje nødvendigvis ein lukkeleg slutt, men den endar i kampen for det gode, og er såleis meir oppbyggjeleg, og kanskje meir oppløftande, på det politiske planet enn Kazantzakis’ meir tvitydige roman: «Dei kan ikkje drepe Manolios. Han representerer det beste i oss, og det beste i oss kan aldri døy», seier Fotis i filmen.
Sjølv om det er uavklart korleis slaget endar hos Dassin, slik det er uavklart kvar flyktningane endar opp i Kazantzakis’ roman, er bodskapen i filmen meir eintydig. Hos Kazantzakis stivnar ikkje Kristus-figuren til eit evig moralsk førebilete, men framstår som eit moralsk handlande menneske i si samtid, også fordi han festar forteljinga i historia. Manolios, som Jesus, er i rørsle, sikker i si sak, trygg i fortolkinga si av Guds ord, men open for radikal forandring. Nettopp det synest avgjerande om ein skal gjere desse orda til handling.
//
Klimaaksjonen takker Eivind Myklebust og Klassekampen for tillatelsen til å publisere dette essayet.
/ Tidligere dikt og tekster om flyktningen:
Ai Weiwei: Our Judgement is Crippled
Lyudmyla Chersonska: Two poems
Jægeren og de som jages / Susanne Christensen
Andreas Eckhardt-Læssøe: Om at samle sig og samle sammen
Madame Nielsen: Slovenia – Østerrike
Thomas Hylland Eriksen / Arne Johan Vetlesen: Klimaflukt som moralsk utfordring
Herta Müller: Nachts, wenn die Zäune wandern
Redaksjonell kommentar: Uskyldige menneskers flukt fra klimaødeleggelse
Inger Elisabeth Hansen: Å resirkulere lengselen
Frode Grytten: Tusener seglar igjen
Gunnar Wærness: Venn med alle, III