Fugleelskarar / Thalia Field og Rune F. Hjemås

 / Om Thalia Fields «Fugleelskarar, bakgard» (scroll down for poems in Norwegian and English)

Så lenge vi har fortalt kvarandre historier, har dyra vore viktige for måten vi som menneske forstår oss sjølve og verda rundt oss på. Dei eldste hòlemåleria, godt og vel 40 000 år gamle, framstiller tablå med hestar, nashorn og mammutar; gamle gudar fekk trekk frå dyreverda, medan merkelege fenomen blei forklarte med fabeldyr.

Skapingsmytane i Bibelen innførte eit tydeleg hierarki der menneska fekk fullmakt til å «råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda». (1. Mos. 1:28) Den vidare historia kjenner vi. Med Darwin kom tanken om at artar ikkje er fikserte,  men noko som kan oppstå, og i forlenginga av det også døy ut. I den Pulitzerpris-vinnande boka Den sjette utryddelsen frå 2014 skriv Elizabeth Kolbert om korleis menneska gjennom nedhogging av tropisk regnskog, forsuring av verdshava og ved å endre den kjemiske samansettinga i atmosfæren no er i ferd med å forårsake ei masseutrydding av artar på jorda.

Les mer «Fugleelskarar / Thalia Field og Rune F. Hjemås»

Blogg på WordPress.com.

opp ↑