Trelimet tørkar raskt. Ei tynn hinne av lim ytst på fingertuppane. Som flass. Eg skundar meg å presse treflisene mot sponplata. Dei skal vere veggane mellom romma i hotellet. Dører er overflødig. Korridorar også. Studiane mine av insektshotell viser at dei fleste ser ut som dokkehus i fugleperspektiv når ein kikkar inn. Men ein må henge hotellet på veggen slik at gjestane kan fly inn frå side. Då er det kanskje ikkje lenger fugleperspektiv, men det er vel ikkje så nøye. Eg har altså ein plan med dette, men som det meste eg gjer, droppa eg å teikne skisse og jobbar berre på gefühlen. Les mer «Insektshotellet / Helga Songøygard Battin»

