Nattergalskap / Naïd Mubalegh

«Σαν α—, απόκληρος γυρίζω

στην κα-, κακούργα ξενιτιά»

«So—m ein a—-, arvelaus streifar eg omkring—, 

i dette voon-, vonde framandlandet [eksilet]». Eitt kjennemerke for den greske utøvaren Sotiría Béllou (1921-1997) sin songkunst er den særeige evna til å vakkert lemleste ord, bryte dei på uventa plassar, la brotstykka kime kvar for seg i uttrykksfull meiningsløyse, eller lyde draumeaktig kort, for å så samle dei, la dei sameinast til heile ord igjen. Det er eigentleg ikkje alltid Béllou som bestemmer om visse ord skal delast opp eller liksom-synkoperast. I songen «Ένας αλήτης πέθανε» til dømes («Ein uteliggjar har døydd», datert 1949, skriven av Kóstas Mánesis og komponert av Kóstas Kaplánis), der det «von-, vonde samfunnet»,  κακού-, κακούργα κοινωνία, blir tiltalt, førekjem synkoperinga også i tolkingane til andre utøvarar: Ho inntreffer kvar gong og på same plass. Inngår brytinga i dette høvet i den skrivne versjonen av songen, eller har ho blitt etablert gjennom ei form for mimesis, ein uskriven avtale musikarane seg i mellom – slik ting også skjer hjå songfuglar?

Les mer «Nattergalskap / Naïd Mubalegh»

Blogg på WordPress.com.

opp ↑