Ei sosial form for klimaendring / Kjartan Fløgstad

Som eremitt og gåsefarmar ved den ytterste grensa for kor mennesket kan bu, i ei tidssone som ligg ein god time framfor sine nye landsmenn, har den gamle raddisen Johan Reichenau Zamora gått rundt og forsømt seg sjølv og samtidig opna seg for nye tankar. I staden for å bera vidare på historisk skuld og skam prøver han å finna noko nytt å tru på, noko med ei historie som ikkje ber med seg lik i lasta. Tilsynelatande ikkje. Ikkje like mange lik i lasta.

Ved kjøkkenbordet i Eremitasjen sit han og held dommedag over seg sjølv. Hos Tyskarten Johan Reichenau viser sjølvransakinga seg ved at han blir einebuar og kler seg i sekk og oske. I si ytre framtoning ifører han seg si indre skam og innett anger, bot og betring. Han ser ut som ein sjølvpiskar, ein mann i krise, ein mann som veit at han har gjort uoppretteleg feil, og vil visa det for all verda. Og som tenker: Når eg har gjort ein feil, må det motsette av feilen vera det rette?

Les mer «Ei sosial form for klimaendring / Kjartan Fløgstad»

Blogg på WordPress.com.

opp ↑