Mot kaos / Kjartan Hatløy

Utvalde dagar pyntar eg Sogn med livet i Egypt

dei, som eg, seier «sjel», vi finn ikkje betre ord

vi har ikkje rundt oss objekt eller dyr, men «verande»

såleis er Nilen eit verande, Åfjord det same

og ei kjelde melder:

«min ba er min. men så er han òg noko æva sine gudar fritt gjestar

og når det høver, er ba med meg, om eg er død eller i live, om i stein eller utanfor stein»

dette er det eg sjølv seier: lekamen min, ivareteken av Anubis

kvar av innvolane mine, behandla av han

altså: kroppen min på veg, midt i si strevsame gjesting av kosmos

/

Eg sette opp eit hus for veden her eit år, eit grindbygg

etter ti år flytte det svaler inn, ingen er forsiktigare

no er haust atter her

eg eig han litt, står der inni og merkar han, også lukta av ved, endåtil kvae

svalene – eg merkar meg fråværet av dei

for halvmørkeret er med ei særskild stille, den kjem frå oppe under himlingen: reiret

som liknar ein vid vase av svart polert basalt, ein type svart som aldri kjem att slik

svalene, ja

no ikring Nilen, desse, svevar forbi papyrussøylene

eg og dei: variasjonar over dei gule svingane og gravtempla, over temaet liv

eg såg best den aller siste svala

merka meg nokre få sekund, idet ho fauk forbi, fekk tak i gåva

/

Eg er sameina med solstrålane, alle dagar

kvar dag syg eg dei av sola sjølv, men òg av kvar einaste time fjordlys

frå henne er tidene komne fram, frå henne

som berre er midtvegs i si varigheit

henne og vi

er framkomne til staden vår. eg gjev han namnet «her»

på vegane mine går eg ikring der det heiter Ytre Sogn, grenda Salbu

og ser og høyrer

men eg går òg ikring i Egypt, der linerle og svale er med meg

eg går bort til eit minne frå det gamle riket

eit gravrom eg lyttar til ekstra, der eg stoggar og er var

dei er meinte å vere Thot sine ord

som melder slik i skriftteikna sine:

«eg er han som veit, han som reknar og bereknar, som forkynner morgon og kveld

eg er han som vaker over timane

han som fann opp æva. eg er hjå Orion når eg vil. eg kjenner viljen til Sirius

kjenner hennar bane hjå menneska

og er bevandra i framtida, utan at eg tek feil av henne»

//

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der Sonnenfuchs. Diktsamlinga Mot kaos. 100 dikt om Egypt (2025) er Kjartan Hatløys 15. samling. Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum. I 2021 ble Kjartan Hatløy tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap

Forfatternes klimaaksjon vil takke Kjartan Hatløy og Oktober forlag for tillatelse til å dele diktene fra samlingen Mot kaos

Bilderettigheter: Oddleiv Apneseth /Oktober

/ Tidligere publiseringer av Kjartan Hatløy på vår nettside:

Foredrag fra Litteraturhuset (2017)

Dikt fra samlingen «Mi meinings hus» (Oktober, 2014)

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑