Svanhild Telnes / Himmelen græt for døyande dyr

Svanhild Amdal Telnes (f.1994) er psykolog og forfattar. I 2018 debuterte ho med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Ho fylgde opp med diktsamlinga Å jage ein hjort i døden (2021) og fekk i 2022 Bokhandlerforeningens forfattarstipend for bøkene sine.

1

kyrne beitar til graset brenn i munnane
du stryk dei over ryggen
knoklane bular under pelsen                        augo                        struttar
himmelen græt for døyande dyr
denne dagen var varsla

2

saltsteinen er tørr
eg legg tunga prøvande mot mineralet
kan eg vere kveg om augo er lukka
om røynda brest som ein kjeks
kan klovar vekse ut or meg
som friske skot
då våren framleis fanst

3

tørre vasskar, sprukne vasskar
alt smuldrar opp her i varmen
jordskorpa sprekk under kvega
kva med kalvane

4

me byrjar å grave
veit ikkje anna enn spadetak
kroppane må i jorda før
flugene vert beist
uregjerlege, flygande beist
som veks ut av
proporsjonar
ut av naturens orden
spade kling mot stein, mot jord
veit ikkje anna enn sveitte



5

du seier ingenting
kanskje du ikkje kan
kanskje stemma di søkk i jorda med kvega
kanskje ho legg seg som eit frø der nede
ligg i det kalde djupet og vernar spireevna
i fleire tusen år ligg stemma di der
slik arktisk lupin har ligge i tundraen og venta
klar til å bryte overflata når tida er komen
ventande, vesle stemmefrø
djupt i den mørke molda
så tek ho til slutt inn vatn,
smadrar skalet og sprenger opp i ljoset
mot sola, kjæraste deg

6

kalvane står att som krigsminne
fortel om kroppar som har fødd dei og gått til grunne
eg spør om det er noko me kan gje dei
unngå det uunngåelege, narre døden
lure livet over leppene og ned
i fordøyinga sine løynde lag
du snur ryggen til, sleper spaden etter deg

7

kalvane har
djupe flengjer i pelsen,
her har vondskap vore

kven lever slik
at dei dreg kniv
langs kveg
for moro skuld

8

eitt av dyra
synk saman
ved jordhaugane

eg legg meg inntil
den raudbrune pelsen,
held rundt ein ristande kropp

du ler av meg
seier han treng næring,
ikkje nærleik

Vi takker Gyldendal for honorarstøtten!

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑