I 2019 ble Forklaringsopplysningane, en samling av UKONS dikt, utgitt på Samlaget. Diktene i boka er valgt ut og oversatt av Monica Aasprong. “Politikk” er et avsnitt fra Aasprongs etterord.
/
Politikk
Når ein les «Verditautologien», første del av samlinga Barndomstolen frå 2009, er det nesten litt uhyggjeleg kor kvast desse ti år gamle dikta skjer inn i samtida: «Ein dag forsvann Stellers sjøku, øglehoftedinosauren, orthocerasen, kvastfinnefisken, velociraptor, dvergelefanten, mammuten. / Ein dag forsvann dalmatisk, elamittisk, etruskisk, faliskisk, hettittisk, hurrittisk, krimgotisk, karisk, mozarabisk, messapisk, norn, oskisk.» For sjølv om ein allereie for ti år sidan nok kunne ane kor det bar, at det økologiske mangfaldet var trua av industriell rovdrift på naturen, så er det først no at den eskalerande utdøyinga av artar til fulle er komen opp i det ålmenne medvitet.