Kva skulle til?

Hoem-Edvard

Av Edvard Hoem (Foto: Linda Engelberth) – Publisert 31. oktober 2013

I ein kraftfull takketale for Sofie-prisen tysdag sa Bill McKibben at dersom det norske oljefondet slutta å investere i utvinninga av fossilt brensel, ville det vera ei alvorleg varsel for olje-, gass- og kolselskapa i verda.

McKibben hevda at desse selskapa, dersom dei ikkje blir stansa, vil halde fram til dei har henta ut alt som er igjen av olje, gass og kol. Reservane som er tilbake, er fem gonger så store som det atmosfæren tåler at vi forbrenner utan at situasjonen kjem ut av kontroll.Skrivaren måtte forlata prisfesten fordi han skulle reise, men på veg til toget, da det for øvrig var så varmt at han gjekk utan frakk i sein-oktoberkvelden, tenkte han på kva som skulle til dersom McKibben skulle få sitt ønske oppfylt.

Han måtte tilstå for at det akkurat no ser ut som om vegen dit er lang. Kampen om opinionen kan ikkje vinnast av ei venstreside som ligg med knekt rygg etter valnederlaget i september. Bård Vegar Solhjell vil slå saman SV og Miljøpartiet dei grøne, og skrivaren ønsker han lykke til. Men å stanse oljefondets karboninvesteringar, ville kreva den breiaste alliansen som vi har sett i Norge i nyare tid. Derfor var det riktig at det var den nye oljeministeren, Tine Sundtoft, som stod for utdelinga av prisen. Ho takka ja, og det forpliktar henne.

Å greie å legge band på det største statlege investeringsfondet i verda ville kreva politisk kløkt og tålmod på eit nivå som vi hittil knapt har sett. Det ville kreva mange års innsats av alle som har kunnskap om kva den globale oppvarminga fører til. Det ville kreva at ein vann opinionen med uimotseielege fakta. Det ville kreva ei folkerørsle av same kaliber som den vi såg under dei to folkerøystingane om norsk EU-medlemskap.

Ville det vera politisk tenkeleg at vi sa: Vi krev ei folkerøysting om norsk oljeutvinning og norske investeringar i andre land! Vi er blitt rike på oljen, og no skal ikkje våre pengar brukast til å gjera det uråd å nå dei klimamåla som verda må oppfylle for å unngå ulevelege tilstandar.

Eg tenkte på korleis folkerørsler er blitt utløyste i dette landet før. Det siste oppgjeret om norsk EU-medlemskap fekk eg sjølv gleda av å vera med på. Professor Kristen Nygaard var ein av dei som såg at den latente motstanden mot norsk EU-medlemskap måtte få form av ein tverrpolitisk organiasjon. I 1988, seks år før folkeavrøystinga, danna han «Opplysningsutvalget om Norge og EF» Det var klønet norsk, men det var god politikk. Ut av arbeidet til dette utvalet voks «Nei til EU» som drog den marginale sigeren i hamn 28. november 1994.

Kunne noko slikt skje igjen? Politisk endring føreset leiarar som ser seg sjølve og sine samtidige som handlande politiske subjekt med ansvar for verda og framtida. Det krev eit globalt perspektiv som koplar saman kampen for klimaet med kampen mot fattigdom. Det krev ei indre overtyding og tru på at det er råd å endre verda. Det krev evne til alliansebygging og politisk handling på tvers av partigrensene.

Dei som har hand om olje- og gassreservane må få høyre at no ringer klokkene. Før dei blir stansa, stansar dei ikkje.

Vi fekk høyre McKibben og oppleva han fordi Siri Dannevig og Jostein Gaarder delte ut Sofie-prisen på 100 000 dollar, i år som i femten tidlegare år. Dette var siste gongen. Vi må hylle og ære dei som gav avkall på ein enorm pengerikdom og ofra si dyrebare tid på å peike ut dei som kan finne kursen mot ei mogleg framtid. Innsatsen deira vil bli ståande som eit framsynt memento i moderne norsk historie.

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑