Kvalolje

BjørnstadAv Åsmund Bjørnstad

 

Kva skulle vi gjort utan oljen frå kvalen, om fangsten tok slutt

og med den spermasetten, den sædgrå oljen

 

i kvalens høge panne, i kaskelottens brusk?

Med Melvilles ord, «meir sjeldan enn dronningmjølk»,

 

som størknar når kaldvatnet renn gjennom nasen så kvalen søkk

til store djup, for så med varm pust

 

å smelte til havflata lik ein blåsande geysir, There he blows!

lyder ropet frå tønna og kaptein Akab myser kvast

 

stødd på det beinet den kvite kvalen lét stå att; som

då ein 85-fots kaskelotthann svart av sjalusi

 

aust av Galapagos i 1820 med sin 15-fots spord

smadra den 87 fots «Essex» av Nantucket;

 

men oftast harpunen djupt i såra kjøt og båten på slep

til kvalen gjev opp, med tyrefektarar på ryggen,

 

skrotten hala mot skipssida, flensa og medan sjøen syder av hai,

spekk og spermasett kokt og helt i tønner;

 

alt styrt av kaskelottens globale kjønnsliv, i ungkarsflokkar

frå Eggakanten til New Zealand, hoene

 

på lunare grunnar frå Java til Jamaica; på eitt år 45000 tønner

spermasett heim til Nantucket og sidan Detroits

 

steglaust smidige automatgir, smeltepunktet så høgt,

takk vere erukasyre og voksestrar, at

 

ein 16-fots Chevrolet Corvette glid på ein open highway

lik ein svart-kvit delfin; kva skulle vi gjort

 

utan gir smurt med spermasett som overgår langt

steinoljen frå Pennsylvania,

 

gjort utan kvalolje, train oil, som Nootka oppe i Pacific NorthWest

danderer til all mat, til og med jordbær;

 

sidan herda til metta feitt i såpe og margarin

som klogga folks blodårer, kålrotbiff steikt i tran

 

frå blåkval, vågekval, grønlandskval, frå Sørishavet

på dunstande kokeri heim til vårlege koners velkomst,

 

kva skal vi gjere utan fangsten?

  

//

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑