Av Ruth Lillegraven
41
dei gamle
fortel dei same
historiene om
og om igjen
for i 1949 kom
tidenes tôrebyge
inn fjorden, likna
ei flygande kiste
sjur og marta var
til fjells, måtte kaste
fiskestengene, søkje
ly i lågare lende
ein gong var det
tretti mil å sykle
og like mange
varmegrader
vi nikkar
og smiler
men smila
stivnar i trekka
deira, vinden blæs
gjennom kroppane
våre, sivet rotnar
i vasskanten
for dei
gamle er
som tigrar
og isbjørnar
umistelege
likevel
snart
borte
45
trea breier
seg ut over dei
steile, ein gong så
glatte fjellsidene
om tusen år vil
flyndrer beite
i hagane
våre
om tusen år vil
norsk regnskog
ha status som
verneverdig
om tusen år vil
ingen vite at
vi ein gong
har levd
her
64
kvist meg
høvl av, ta
det som stikk
ut, hengjer seg
opp, tek for
mykje
plass
men ta
ikkje skota
dei regntunge
skota som blafrar
og syng i vatnet
tida går
vi blir
eldre, større
kroppane våre
forlèt oss, blir
til andre
kroppar
kroppar
vi ikkje
lenger
kjenner
vi får
fleire barn
fleire ting
større hus
og mindre
tid
dei gamle
ristar på
hovudet
men det er
noko som
dunkar og
slår i oss
noko som
ikkje vil
sleppe
oss
vatnet
stråa og
bregnane
bøyer seg
berre vi
er ute av
stand
berre vi
er urørlege
ubøyelege
ute av stand
til å forstå