(Under The Apple Suckling Tree)

 

Av Einar Økland / Foto: Bjørn Erik Pedersen

Einar_Økland_@_Oslo_bokfestival_2011

 

Om himlen svartnar og helvete frys –

Hø-hø!

– er livet mitt liv fylt av elektrisk lys.

Hø-hø!

For eg er ein tvers gjennom opplyst mann,

som ligg i solarium når eg kan.

Hø-hø!

 

Eg treng ikkje vite kvar lyset kjem frå –

Hø-hø!

– så lenge eg veit at her kjem det nå.

Hø-hø!

Her eg ligg opplyst på livets strand

med hjernen min trygg i eit digitalt spann.

Hø-hø!

 

Elektriske draumar på dagtid? Ja!

Hø-hø!

Men elektriske auger, det skal ein ha.

Hø-hø!

Og mitt lys kjem og vil aldri gå,

når auger som mine har slått det på.

Hø-hø!