KOR MYKJE KOSTAR EIN INDIANAR?

Av Helge Torvund / Foto: Åge Bjørnevik

Helge-Torvund2.ashx

 

Amerikanske forskarar
har nå rekna ut verdien
av det arbeidet biene gjer:
15 milliardar dollar.

TV2 kan fortelja
at hjarta ditt kostar
682000 norske kroner
og at galleblæra di
er verdt sine 6919.

Men kan nokon fortelja meg:
Kor mykje kostar ein indianar?

Dei kvite betalte med varer for
24 dollar for øya Manhattan.
I dag kan du på Manhattan
kjøpe ein parkeringsplass
til din eigen bil til kroner 6182000.

NATO fann eit fint område
for å granska verknaden av
den dyrebare ammunisjon
med utarma uran
som dei nytta i krigen mot terror.

The Primrose Lake Air Weapons Range
var ideelt.

At Dene Suline indianarane som budde der
ikkje lika det, får nå så vera.
Men at dei skulle setja opp ein leir
ved porten bare for å protestera,
er vel litt rart?
Dei må vel ha anna å ta seg til?

Ein må hugse på at det er dyrt
å utvikla gode våpen
for å mest mogleg effektivt
ta livet av menneske.

Når ein granat eller ein kryssarrakett
er klar, har den ein heilt definert pris.
Ein høg pris.

Men ingen kan fortelja meg:
Kva kostar eigentleg ein indianar?

Skuldra di er verdt 2849 kroner
og huda di har ein kvadratmeterpris
på kroner 8,90.

Amerikanarane blir feitare og feitare.
I 2030 vil feittet deira kosta
helsevesenet 550 milliardar dollar.

Ei bedrift kan nå tilby ekstra
store likkister forsterka med stål
som kan tåla opptil 200 kilo.

Desse kistene har ein klar
og nøyaktig pris i dollar.

Men ingen kan fortelja meg:
Kor mykje kostar ein indianar?

Tal me har er at
det er 5 til 7 gonger vanlegare
at indianarungar i Canada tek sitt eige liv
enn at dei andre barna i Canada gjer det.

Myndigheitene køyrde ned og senka
2 Mi’kmac indianarbåtar fordi desse
dreiv ulovleg hummarfiske.
Dei fiska slik dei alltid har gjort.

Montagnais Naskapi indianarane
som held fram med å jakta, samla,
fiska og setje ut snarer og feller
lever i eit så stille pustande naturmiljø
at lyden av padleåra i kanoen
er gjennomtrengjande tydeleg.

Då er det ganske irriterande
at dei må laga masse støy
og protestera
bare fordi
dei vart forstyrra av Luftwaffe
og British Royal Air Force
som dreiv lågtflygande kamptrening
over deira jaktområde,
sjølv om pilotane nok leika seg litt
med å endre kurs
og flyge lågt over leirane deira.

Fem indianarar frå The Black Hills Sioux
og Oglala Sioux vart arresterte då dei
blokkerte vegen og
nekta trailerar med utstyr til tjæresand
prosjekt i Canada å køyra gjennom reservatet deira.

Ved Fort Chipewyan merkar ein verknaden av
oljesandutvinninga.

Mikisew Cree indianarane har notert:
Skogar, vatn og våtmarker vert forureina,
fisk døyr, ein og annan indianar
får magekreft, javel,
men gje meg eit tal.

Kor mykje kostar ein indianar?

Eg er norsk. Statoil er norsk.
Noreg har pengar. Ein god nordmann
er verdt si vekt i gull, i oljesand.

Men Statoil har jo alt betalt kr 27500
i bot for å forureina vatnet
til indianarane!

27500 kroner.

Kor mykje kostar ein indianar?

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑