Foto: Oddleiv Apneseth
Når nokon melder seg til orde uventa frå ”periferien”, kan det høve å helse særskild.
Før fanst det noko dei kalla romersk helsing. Det tykkjer eg høyrest bra så eg helsar med det, dei greidde jo skape storarta fred desse, sjølv om dei var ikkje heilt fredelege. Pax Romana.
Ørlite grand som glimt, såkalla verefilosofi (værenstenkning på bokmålet): Eg helsar det verande.Det er det aller første. Dette forunderlege at noko i det heile er, finst, i staden for det motsette, nemleg at 0 er og at ingenting finst, ikkje eit univers. Eg helsar det verande som er i fart dvs eigenleg alt, for i partikkelnivå er jo alt i fart seier fysikarane.
Professor Heidegger i Freiburg stilte om att eit gammalt Platon spørsmål og spør kva vi eigenleg meinar med ordet ”vere”. Kva er meininga med det verande sitt vere lyder spørsmålet og dette er då ikkje berre ein genitiv på yta av språket.
Så gild ei meining
Den tjukke travle h u m l a si framferd i kaprifolium ein heit dag, rikt nok? Det er ”Vestnorgegrått” over alt men eg ser i sørvest lever ein nesten fullkomen sollys sirkel på yta, lever seier eg og berre mykje seinare tek den sakte slutt. Det var kan hende noko sola fekk sagt, ikkje noko til meg. Ja dette er vel gild meining? Ja verkeleg, denne livssfæren av ytste reinheit enno nett her, byrja årmilliardar før menneske. Så gild ei meining, verkeleg. Men så er det vere til desse verande: dei som profitterer på utbytting av kloden, av Tellus, desse som tener seg rike på den aksellererande forpestinga av klima og hav, som berre ynskjer halde fram med dette så lenge det er mogleg for dei. Kva er meininga til deira vere, eller skulle ein seie: med deira vere.?
Det tykkjest vere ei meining det og: å drive med det å øyde ein harmoni. Det tykkjest vere deira meining å fremje avkorting av arters liv og tvillaust hindre oppkomsten av nye. Deira meining ligg i det å endre denne unike planetens vilkår til det verre for ikkje berre vår art, men truleg milliontals andre. Dei grip inn i ting dei ikkje anar konsekvensen av. Så vond handling, det er i praksis meininga som er knytt til deira vere.” Meininga m e d dei – kunne ein seie det?
Det er moderne å skrive og tale om storkrigen sett i verk av nasjonalsosialistane i Tyskland nyleg.
Det ”tredje” riket var noko verande, kva var veremeininga der? Vi kunne la professoren spørje og kan hende han spurde, han gjorde nok det, noko seinare. Dei var inne på ein problematikk som likna. Ville gjere radikal endring i klodens biologiske tilstand. Men rett nok ikkje for profitt. Ville utrydde eitt folk som dei sa stod for global destruksjon. Deretter sa dei, straks dette var gjort skulle mennesket verkeleg blomstre opp. Då endeleg skulle så meininga til det europeiske mennesket under føringa av det tyske endeleg komme fram. Og dei prøvde på det. Namna på dei som stod for føringa hugsar vi, men det var ikkje berre desse tre i kjernen. Nok om det. Veremeininga i denne (verande) tenkinga, dette forsøket og forsøket sjølv er jo også noko verande. Nemleg den oppfatninga som dei hadde, at utrydding av det jødiske folket ville vere bra. At slik politikk sikra ei herleg kulturell blomstring for oss for homo sapiens sapiens om 3000 år, så full av veremeining at Shoah, at Holocaust var å sjå som eit sjakktrekk av guddommeleg fullkommenheit.
Det vi ser av veremeining her er jo dette: at ei viss art, ei framståande betydningsfull art, skal aktivt operere på seg sjølv. Så eg spør og veit ikkje sjølv svaret: kva er no meininga til det vonde sjølv sitt vere, meininga til vond aktivitet, særskilt når den er bevisst, når den skal skaffe endå meir profitt, enorm rikdom på få hender. Brenninga av gass olje kol er no desse åra der vi veit stoda, å sjå som medviten vond handling og ikkje berre retta mot oss, men mot humla, mot fjorden ein kaprifoliums truskuldige vere, dens eksistens, som somme til og med trur kom frå gud. (Jesus ”elsk fiendane”er noko storarta fint i rolege tidsperiodar, men ikkje no, det ville vere å gjere ein feil i ei slik krise). Exxon BP Shell Statoil osv. Dei som styrer desse og som leiar profitteringa globalt må identifiserast som den politiske fienden, og om vi ynskjer det beste for Jorda, dette nesten vanvittig verdfulle og vakre som er kome fram i eksistens her, må han søkjast opp og angripast med kvart lovlege middel som finst. Det vert ikkje noko lett jobb.
Partiovergripande innsats
Somme seier det finst ikkje slikt trugsmål. Det finst ikkje slik øydelegging, om den finst er det ubevisst, rikingane i Saudi eller i USA her i Norge veit ikkje. Men, det er hundrevis av forskarar no og frå alle verdsdelar som åtvarar om den faren vi står i på nokolunde likt vis og dei har gjort det iallfall 15 år. Og er dette galningar eller dumskoltar? Dette er vel helst våre beste ”hovud” – fysikarar, matematikarar, biologar, klimaekspertar. Eg kjenner godt til korleis foreldra er så stolte av avkommet sitt som har nett desse eigenskapane til våre flinkaste, og så skal vi ignorere dette dei seier no etter tiår av målretta grundige studiar?
Det som trengs og snøgt, er partiovergripande innsats, konkrete angrep på oljeindustriens kjerne så snøgt den kan oppsporast og ein klårlegg mekanismen, verkemåten. Det trengs ein sentral av personar av verkeleg interesserte frå td. MDG, Raudt Sv, partia der hjarte og hjerne framleis finst. Desse har så berre denne oppgåva. Dei kan byrje med det eldgamle qui bonum – ”Kven tener”, sjølvsagt over heile kloden så vanskeleg det vert. Kven verkeleg berikar seg, stuttsiktig tenkt, på denne skitnaste av all verksemd. KRF, iallfall somme av kristne mogleg og muslimske vil redde det gud skal ha skapt, kan vere god grunn for ein del av desse, likar ikkje sjå guds verk misshandla.
Vent ingenting frå FNs Miljøprogram (UNEP) i dette. Heller ikkje under Eirik Solheim. Hadde desse stått for noko betre enn papir og æveleg møteverksemd, så hadde alle visst kven dei er, kva dei har utført.
Ein slik sentral vart og ei samarbeidstrening for desse partia. Måtte byrja med Norge, sette tidsmål, sjå kva hjelp Greenpeace har vilje til å gjere, mobilisere. (Greenpeace skriv på sida si dei har ingen permanente politiske fiendar…)
Det vert ikkje m i n generasjon, med sitt eige eigentleg høgverdige, grandiose prosjekt kommunismen som greier dette. Dette må 18 åringane og 30 åringane og der ikring greie eller prøve på å greie. Dei må nytte maksimalt sin skjermkompetanse, men då dyrke striden, ikkje skjermane.
Ei stor framtid
Harmoni, ja. Dei sterkaste sin eigenrett til å verkeleg herske, det såg NSDAP i Tyskland 1926 som verkeleg harmoni. Klodens sterkaste folk som ”winner takes is all”. Undertrykkarar i uniformar frå Hugo Boss, dei definerer ” vere” sjølv, d e i seier kva mennesket er for noko, kva meining det har, kva det skal gjere. Under desse vart elende, og om liknande dukkar fram, vert blodig krig og det motsette av mangfald, det vert artenes kollaps. Logikken deira er ikkje m y k j e forskjellig frå logikken til the intelligent rich dei kallar, som driv fossilbrenninga og som lovprisar denne, vi høyrer det dagleg. Dei utøver dagleg det dei tykkjer er harmoni, men som e r omsynsløyse.
Lat oss ikkje velje deira vilje som vårt evangelium. Lat oss stri for å behalde mangfaldet av folk og av arter. Beheld vi alle folk og arter kan gjerne homo sapiens eingong få ei så stor framtid at den vil vere utanfor vår noverande menneskeforståelse.
Eg skjønar at ein kan ikkje skru av oljen på dagen, men den må stengast av og planen for nett kva tid det skal gjerast må lagast, oljeindustrien skal ikkje få drive 40 år til som den norske sokalla energiministeren tenkjer seg.
Takk vere oljelobby er det eit skrikande mistilhøve mellom den enorme globale oljeinnteninga og det minimale som flyt inn i å skaffe grøn energikjelde.
Pax Romana hadde mykje føre seg. Romersk helsing i Senatet skulle signalisere Respekt. Den helsinga prøvde 2000 år seinare nokre i NSDAP å tilrane seg. Det lukkast altså heldigvis ikkje. Særleg ungdomane og om mogleg media, må no løfte blikket litt frå det kontinuerlege trivia-rommet dei held på i og ta sikte på om nokre generasjonar opprette ein Pax Tellus.
Kjartan Hatløy
/
A collapse in Arctic sea ice volume spells disaster for the rest of the planet/ THINK PROGRESS
When languages die, ecosystems often die with them
/
US ELECTION: